NRK Meny
Normal

Kjem seg ikkje på jobb

Mange tilsette i StatoilHydro arbeider fleire stader i løpet av ei arbeidsveke, men dét er det vanskeleg å få til no.

StatoilHydro
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- For oss, som er eit stort selskap med mange tilsette som reiser, får flyplasstreiken store konsekvensar, seier Gine Wang, informasjonsdirektør i StatoilHydro.

Wang er ei av mange i selskapet som har fleire arbeidsstader. To dagar i Oslo og tre i Bergen for henner del, betyr mange flyreiser. Difor skaper streiken store problem.

Gine Wang, informasjonsdirektør StatoilHydro

Gine Wang i StatoilHydro

Foto: Trond A. Isaksen / StatoilHydro / Trond A Isaksen

- Eg må følgja med på nyheitene kvar dag, for å finna ut korleis eg skal løysa dette. Eg jobbar i Bergen tre dagar i veka, og denne veka er planen at eg skal jobba i Bergen frå onsdag til fredag.

Løysinga har altså vorte fleire video- og telefonkonferansar i selskapet.

- Enten må eg velgja ei anna reiseform, eller så må eg ta mine daglege gjeremål i Bergen på video- eller telefonkonferanse. Viss ikkje det går, må møtene utsetjast.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2