Hopp til innhold

Kjedekollisjon på Fjøsangerveien

Tre bilar har kollidert i Fjøsangerveien. Bilane har fått store materielle skader i krasjen.

Kollisjon fjøsangerveien
Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Dei har kollidert i sørleg retning, like ved rundkøyringa ved avkøyrsla til Kanalveien, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.

Fleire av bilane har fått store skader.

Éin person får tilsyn av ambulansepersonell på staden, men det skal vera snakk om lettare skader, seier Jens Kleppe i politiet.

To av bilane må tauast. Køyretøya står i ei busslomme og er ikkje til hinder for trafikken.