NRK Meny
Normal

Kjedekollisjon i Nygårdstunnelen

Alle naudetatane rykka ut etter at fire bilar kolliderte inne i Nygårdstunnelen i Bergen.

Laster kart, vennligst vent...

Artikkelen er flere år gammel.

Ambulanse, politi og brannvesenet er på staden etter ein kjedekollisjonen i Nygårdstunnelen. Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.36.

– Me fekk melding om ein kjedekollisjon i austgåande retning i tunnelen, seier Bjarte Rebnord i politiet til NRK.

Éi kvinne blir undersøkt av ambulansepersonell på staden.

– Ho klaga over smerter i hovudet. Det kan sjå ut som det er snakk om lettare skader, men dette er førebels uvvist, seier Rebnord.

Sendt til legevakt

Klokka 16.30 opplyser politiet til NRK at kvinna vart frakta til legevakt med lettare skader.

Det var ei stund køar over Puddefjordbrua mot sentrum fordi to av felta var sperra grunna bilberginga.

Siste video

I kveldens sending kan du se at både Arbeiderpartiet og Høyre frir til Vestlandet i sin søken etter regjeringsmakt etter stortingsvalget i september,
Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen gjer alt for at kyrne skal trivast.
Se opptak av Vestlandsrevyen mandag