NRK Meny
Normal

Kari veit ikkje om ho får flytte heim

Kari Veste måtte handla raskt då opoelva byrja å grava seg under huset hennar. Ho og sonen blei seint varsla av politiet og blei vitne til at uthuset blei tatt av flaumen.

kari Veste sitt hus i Odda

ODDA: Huset til Kari Veste (det kvite med raudt tak) har fått omfattande skader under flaumen. Ho og sonen måtte rømme frå tomta då dei såg uthuset reise med elva. Dei to blei aldri evakuerte av politiet.

Foto: NRK

Hadde ikkje eg og sonen min handla raskt kunne det gått verre.

Kari Veste

På eit folkemøte for dei evakuerte bebuarane i Odda torsdag, fekk somme ein gledeleg beskjed om at dei kan flytte heim til bustadane sine.

Kari Veste (54) er ei av dei som måtte flytte frå huset sitt i Odda då Opoelva flauma over. Huset står der enno, men det er ikkje sikkert Kari og sonen nokon gong får flytte heim.

Huset har fått store skader. Veste veit førebels ikkje kortid ho eventuelt får flytta heim.

– Det var jo litt skummelt. Hadde ikkje eg og sonen min handla raskt kunne det gått verre, seier Kari.

LES OGSÅ: Alt om flaumen på Vestlandet

Blei seint varsla av politiet

Nabolaget forsvant

OPOELVA: Fem hus har blitt sopa bort av Opoelva i Odda. Elva har også grave ut deler av grunnen under huset til Kari Veste (til høgre i biletet).

Foto: Photographer: Terje Laegreid

I Odda har elva røska med seg fem hus, og vatnet har grave seg under fem til, som heller ikkje kan bergast og truleg må rivast. 75 personar og 39 bygningar måtte tømmast for folk.

Kari Veste og sonen var heime då vatnet slo seg gjennom Odda. Dei såg uthuset dette saman, gjekk ut og såg uthuset rase ut i elva. Då innsåg dei at dei måtte kome seg vekk.

– Politiet burde jo ha vore her og åtvara oss. Eg vil ikkje kritisere dei for mykje, det var jo ein veldig spesiell situasjon. Men eg har jo tenkt i ettertid at det kunne gått verre om me ikkje hadde kome oss ut sjølve då me gjorde det.

LES OGSÅ: Her vert hønene redda frå flaumen

Skal sjå nærmare på den manglande varslinga

På eit informasjonsmøte i Odda i går fortalde Kari politiet at ingen hadde varsla ho om evakuering då uthuset rasa ut i elva.

– Eg måtte berge meg sjølv. Eg sat og såg på uthuset og var redd for kva som skulle skje med mitt eige hus, sa Kari til politiet på møtet i går.

Politiet svara ho at det er trasig om nokon har gløymt å varsla ho, og dei lova å sjå nærare på kva som har blitt gjort, og kvifor dei to ikkje blei evakuerte.

– Det er mykje å ta innover seg. Heile tomta er jo øydelagt. Eg veit framleis ikkje om huset blir rive. No bur eg privat, men det er jo avgrensa kor lenge eg kan gjere det. Eg må jo ha ein stad å bu, seier Kari.

(Artikkelen held fram under videoen)

NRK har fløyet over flomrammede Odda.

Fleire får flytte heim i dag

I fyrste omgang er det området på Hjøllo som er vurdert som trygt nok, til at folk kan byrje å flytte heim. I tillegg får enkelte av bebuarane i Opovegen ta seg inn i husa sine og hente eigedelar.

Men ikkje alle får vende tilbake til husa sine. Det er framleis fare for at hus kan rase i elva og 35 personar er framleis evakuerte. På vestsida av elva må grundigare undersøkingar til før nokon kan flytte tilbake.

– Me har framleis to hus som står ute på kanten. Det er ein viss risiko for at desse går i elva. Men i morgon vil NVE gå i gang med sikringsarbeid, seier Odda ordførar, John Opdal.

LES OGSÅ: Derfor ble det vått denne uken

– Heile huset rista

Ein av bebuarane som i dag har fått kome heim for å hente det mest nødvendige er Jan Ove Sæd. Tysdag kveld la han og kona seg for å sove, men det blei vanskeleg å få ro då det knaka i huset.

Verner Eide

– VEMODIG: Verner Eide fekk komme heim til huset sitt i dag for å hente nokre eigedelar. Synet som møtte han frå stoveglaset var mest ukjenneleg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg kjende heile huset riste, glas og koppar klirra inne i kjøkkenskåpa og dørene slamra, sa Sæd til NRK onsdag.

Han og familien bur på ei lita høgd over elva, noko som truleg redda huset hans. Også Verner Eide har fått komme heim for å hente nokre av tinga sine.

– Her ser det jo heilt tørt og fint ut alt. Eg har jo vore svineheldig, det må eg seie.

Medan vatnet vaks i elva, sat han og familien og såg ned på elva. Tysdagskveld valde dei å reise til sonen for å sove der. Like etter ringde Sivilforsvaret, og Verner reiste for å hente ein leigebuar som var att i huset.

– Då eg kom ned var halve huset framfor vårt tatt. Då forstod eg at det var skikkeleg alvor. Det buldra og braka. Det var nett som om nokon skaut nede i elva med dynamitt.

Tilbake i huset er utsikta noko heilt anna enn den var. Tre nabohus manglar, og Verner er no nærmaste nabo til Opoelva.

– Me hadde jo ikkje so god utsikt her før, då såg me jo rett ned på nabohuset. No ser me rett i elva. Det er ubeskriveleg og vemodig, men sånn er livet. Me må ta konsekvensane av dei enorme forandringane i vêr og vind som er komme dei siste åra. Framover må nok folk tenke meir på det når dei skal bygge hus og køyre langs vegane. Det er ikkje slik som det var før i tida.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik