Hopp til innhold

Kallar inn etterforskarar frå ferie

Spesialeininga for politisaker kallar inn mannskap frå ferie etter at politiet i Bergen losna skot mot ein mann i Sandviken i går.

Politiet løsnet skudd

AKSJON: I Nye Sandviksvei blei politiet skotne på av ein mann som hadde forskansa seg i eit bustadhus. Politiet svara med å losna skot mot gjerningsmannen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Spesialeininga for politisaker tek ikkje sjansen på å mista dyrebar tid i ferietida. Tre etterforskarar er i gang med å sikra bevis og gjennomføra avhøyr.

Éin er kalla inn frå ferie.

– Det stemmer at folk er kalla inn frå ferie. For Spesialeininga er det viktig å sikra bevis umiddelbart og gjennomføra intervjua så hurtig som mogleg, seier Ellen Eikeseth Mjøs, leiar for etterforskingsavdelinga i Spesialeininga Vest-Noreg.

Ellen Eikeseth Mjøs

ETTERFORSKAR: Spesialeininga for politisaker avhøyrer polititenestemennene som var involverte i politiaksjonen i Sandviken måndag. Leiar Ellen Eikeseth Mjøs opplyser at Spesialeininga har kalla inn mannskap frå ferie for å etterforska saka.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Må gjera fleire avhøyr

Alle polititenestemenn som hadde ei rolle i politiaksjonen i Sandviken i går skal intervjuast, opplyser Mjøs.

– Spesialeininga starta etterforsking umiddelbart og var på staden i går. Våpenet som vart nytta vil bli undersøkt, og ein vil klarleggja omstenda og bakgrunnen for handlinga, fortel Mjøs.

Spesialeininga har gjort fleire avhøyr i går og i dag.

Spesialeininga ynskjer også å avhøyra personen som vart skoten, og eventuelle vitne til episoden.

Det er for tidleg å seia når etterforskinga kan avsluttast, opplyser Mjøs.

Ole-Petter Grythe Hoff

FORSVARAR: Bistandsadvokat Ole-Petter Grythe Hoff seier mannen ikkje vil kunna avhøyrast før tidlegast i morgon. Hoff vil ikkje seia korleis gjerningsmannen opplevde skotvekslinga.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Har snakka med bistandsadvokaten

Ole-Petter Grythe Hoff er bistandsadvokat for gjerningsmannen.

Han opplyser til NRK at mannen vart operert på Haukeland universitetssjukehus klokka 18 i kveld. Mannen vart først operert i går kveld.

Advokaten har snakka med gjerningsmannen om korleis han opplevde skotvekslinga i går.

– Eg har så vidt snakka med han om det som skjedde, men eg ynskjer ikkje gå ut med hans versjon på noverande tidspunkt, seier Hoff.

Hoff seier at mannen i 20-åra er medteken og i ørska. Gjerningsmannen skal ha vore uroa for å mista ein finger før han vart trilla inn til operasjonssalen, seier forsvarsadvokaten.

Krimteknikere på stedet

PÅ STADEN: Krimteknikarar var raskt på staden etter at politiaksjonen var avslutta måndag ettermiddag.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Stiller ikkje i fengslingsmøtet

Mannen har enno ikkje gjeve forklaring til politiet.

Hoff trur ikkje gjerningsmannen er i stand til å gjera eit avhøyr før tidlegast i morgon.

Fengslingsmøtet i Bergen tinghus er fastsett til i morgon ettermiddag.

Møtet vil gå utan gjerningsmannen, opplyser Hoff.

– Han treng kvile og blir verande på sjukehuset.

– Skal ha blitt skoten tre gonger

Einingsleiar Mjøs seier Spesialeininga arbeider ut frå at polititenestemennen fyrte av to skot i politiaksjonen.

– Etter det vår etterforsking viser har politiet losna to skot.

Bistandsadvokat Hoff seier mannen er behandla for tre skotsår.

– Sjukepleiarane har sagt at han er treft tre stader. Eg må gå ut frå at det dei seier er riktig. Kor vidt det betyr at det er losna meir enn to skot vil eg ikkje meina noko om, seier forsvarsadvokaten.

Politiet i Bergen ynskjer ikkje å kommentera politiaksjonen.