Hopp til innhold

Kald vår gir lite lakselus

Den kalde og seine våren gir lite lakselus i Noreg. Det viser ein rapport som Havforskingsinstituttet har levert til Mattilsynet.

Laks på vei opp en foss.

LITE LAKSELUS: Den seine og kalde våren gjer at det er mindre lakselus i vår enn tidlegare år. (Arkivbilete)

Foto: Colourbox / PHOTOPQR/LA MONTAGNE

Dei første resultata frå overvakinga av lakselus langs kysten av Vest- og Midt-Noreg viser at det er lite lakselus i vår, samanlikna med tidlegare år.

Det kjem fram i den førebelse statusrapporten om lakselusinfeksjon på vill laksefisk som Havforskingsinstituttet har levert til Mattilsynet.

– Eg vil presisere at dette er førebelse data, men så langt ser det ut til at det har vore mindre lakselus enn før, seier Pål Arne Bjørn, seniorforskar i Havforskingsinstituttet.

Kald og sein vår

Overvakinga blir utført av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA). Også UNI Miljø deltek i arbeidet.

– Det er mange faktorar som styrer kvifor det har vore mindre lakselus i vår enn tidlegare. Det einaste eg kan seie så langt, er at vi har hatt ein veldig sein og kald vår, og mykje ferskvatn i fjordane. Det veit vi kan påverke lusinfeksjon, seier Bjørn.

Han fortel også at oppdrettsnæringa og forvaltinga kvart år blir flinkare i tiltaka mot lakselus.

Gledeleg nyheit

Pål Arne Bjørn leiar den nasjonale overvakinga. Han fortel at dei førebelse tala indikerer at infeksjonspresset frå lakselus så langt har vore svært lågt i Rogaland.

Det har også vore lågt i Hardangerfjordsystemet, Sognefjordsystemet og Romsdals- og Trondheimsfjordsystemet.

– Det er ein gledeleg nyheit, for det betyr at mykje av laksesmolten og sjøauren har kome seg ut i sjøen, og kanskje ut av kysten utan mykje lus på seg, seier Bjørn, og held fram:

– Lus er jo ein parasitt som vi veit kan skade villaksen. Når laksen kjem seg ut med lite lus, er det også eit håp om at fisk skal overleve i sjøen, og komme tilbake til elva som gytefisk.

Betre enn i fjor

I rapporten konkluderer forskarane med at resultata til no tyder på at 2013 blir eit år med lågt infeksjonspress langs delar av Vest- Og Midt-Noreg om våren og forsommaren.

Rapporten seier også at både sjøaure- og laksesmolt ser ut til å ha fått låge infeksjonar under smoltutvandringa.

– Laksesituasjonen er til no i år monaleg betre enn i fjor, seier Bjørn.

Havforskingsinstituttet følgjer opp overvakinga gjennom heile sommaren, og kjem med ein sluttrapport i desember.