Hopp til innhold

Jimmy Carter hyllar nordisk kamp mot sexkjøp

Den tidlegare presidenten vil få slutt på seksuell utnytting og ser til Noreg for inspirasjon. – Dette er eit stort internasjonalt gjennombrot, seier norsk feminist.

Jimmy Carter

GÅR TIL KAMP MOT SEXKJØP: USA sin tidlegare president Jimmy Carter har kalla inn til toppmøtet World Summit: End Sexual Exploitation 2025. No får han inspirasjon frå Noreg.

Foto: Damian Dovarganes / AP

– Dette er fantastisk og det betyr utruleg mykje for oss som jobbar med dette, seier Agnete Strøm i Kvinnefronten.

USA sin tidlegare president Jimmy Carter og Rotary «Against Child Slavery» har kalla inn til toppmøtet World Summit: End Sexual Exploitation 2025, i Atlanta 11 og 12. mai.

Viktige talspersonar og organisasjonar frå ulike land skal koordinere tiltak for å avslutte seksuell utnytting av kvinner og barn innan 2025.

Agnete har vore ein inspirasjon

Karin Ryan, seniorrådgjevar for The Carter Center

Har kjempa for den norske sexkjøpslova

Agnete Strøm frå Bergen er blitt invitert til å delta på toppmøtet. Ho har i over 30 år vore ansvarleg for det internasjonale arbeidet i Kvinnefronten.

Agnete Strøm

DELER SINE ERFARINGAR: Agnete Strøm i Kvinnefronten, skal dele sine erfaringar på toppmøtet i Atlanta.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Strøm har gjennom mange års frivillig arbeid og lobbyisme mot menneskehandel og prostitusjon, kjempa fram den norske sexkjøpslova.

– Eg skal dele erfaringane frå Noreg, og håpar andre land kan ta det med seg vidare i kampen. No treng vi ei haldningsendring i alle land, seier Strøm.

Internasjonalt gjennombrot

Jimmy Carter vart inspirert då han fekk vite om framdrifta i Norden, der ein har fått ei sexkjøpslov som gjer kjøp og profitt frå sex til eit alvorleg brotsverk, og på same tid tilbyr støttetenester til ofre og etterlatne.

Han ønskjer no å fremme den «nordiske modellen» for å få slutt på seksuell overgrep.

Ved å få Carter og Rotary med på laget, har «bergensmiljøet mot sexkjøp» og dei norske/svenske lobbyistane fått sitt store internasjonale gjennombrot.

– Dette er stort. Tenk at ein tidlegare president og mann på 90 år seier at han vil bruke dei neste ti åra av sitt liv på å utrydde seksualisert undertykking. Han har ein feministisk analyse som er heilt fantastisk, seier Strøm.

– Ho er ein inspirasjon

– Agnete sine erfaringar i Noreg er veldig relevant for våre diskusjonar, og ho har vore ein inspirasjon, seier The Carter Center sin seniorrådgjevar for menneskerettar, Karin Ryan.

Agnete skal vere ein av deltakarane i opninga av toppmøtet i plenum. Ryan meiner arbeidet og det sterke engasjementet har vore svært viktig i arbeidet for å få fram sexkjøpslova.

– På grunn av Agnete og andre sterke leiarar kan vi no sjå at trenden endrar seg og at fleire land forbyr utnyttinga av menneske for sex, seier Ryan.

– Dei fleste som kjøper sex blir aldri straffa

– Dette temaet er av stor betydning, sidan problemet er så utbreitt i alle samfunn. Dette toppmøtet er utruleg viktig, men ingen tryllestav. Skal det bli ei endring må heile Europa få same lovgiving, men no er vi på riktig veg, seier Strøm.

Ei studie gjort i 2012 for internasjonal arbeidsorganisasjon viser at minst 20.9 millionar vaksne og barn har blitt kjøpt og selt over heile verda i kommersiell seksuell slaveri eller tvangsarbeid. Nesten 80 prosent av menneskehandel inneber seksuelle overgrep, ifølgje ein FN-studie frå same år.

– Kjøparar og profitterer av sex må bli dømt for brot på grunnleggjande menneskerettar. I staden straffar samfunnet dei som blir utnytta. Det må bli endra, legg Ryan til.