Hopp til innhold

Jente påkøyrt på Søreide - sendt til sjukehus

Ei 15 år gamal jente vart sendt til sjukehus etter å ha blitt påkøyrt i Steinsvikvegen på Søreide. Vitne såg jenta springe rett ut i vegen.

Påkjørsel

– Eit vitne har forklart at ho såg jenta springe rett ut i vegen, truleg for å nå ein buss på andre sida av vegen, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Jenta vart kraftig forslått i samanstøyten med bilen, og luftambulanse vart sendt til staden. 15-åringen fekk behandling på staden før ho vart sendt i vanleg ambulanse til Haukeland sjukehus.

Helse Bergen opplyser at jenta har fått lettare skader etter påkøyrselen.

Ingen reaksjonar mot sjåføren

Vegen vart førebels stengt på staden, men vart opna igjen kort tid etter at jenta vart sendt til sjukehus. Politiet seier dei ikkje kan klandra sjåføren for ulukka.

– Med tanke på det vitne har sagt, blir det ingen straffereaksjon mot føraren. Men vi opprettar rutinemessig sak.

Det var ikkje fotgjengarfeltet på staden der jenta vart påkøyrt.

– Det er svært viktig at folk ikkje spring rett ut i vegen på denne måten. Heldigvis gjekk dette bra, avsluttar Kronen.