Jente (14) påkøyrd i fotgjengarfelt

Ei 14 år gammal jente er påkøyrd av ein bil på Tertnes i Åsane. Føraren av bilen er fråteken førerkortet.

Klokka 08.19 fekk politiet melding om at ei 14 år gammal jente er blitt påkøyrt av ein bil i eit gangfelt på Tertnes i Åsane.

– Ho er bevisst, men klagar over smerter i ei hofte, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Ulukka skjedde i eit fotgjengarfelt før ei rundkøyring, ved avkøyrsla frå motorvegen mot Tertnes.

Naudetatane er på staden. Jenta er no henta i ambulanse og køyrt til legevakta i Bergen.

Fekk hjelp av forbipasserande

Føraren av bilen som traff jenta er fråteken førerkortet.

– Fleire bilar stoppa for å ta seg av jenta til politi og ambulanse kom fram til staden. Difor kan det vere litt kø rundt ulukkestaden no, seier Kronen.

Vegen er ikkje stengt.