Hopp til innhold

E16 er opna for manuell dirigering

Jamnatunnelen på E16 har vore stengt sidan 7-tida i dag etter at ein stein fall ned frå taket. Tunnelen er no opna for manuell dirigering, ifølge bilistar på staden.

Jamnatunnelen

KØ: Stenginga av Jamnatunnelen skapar kø på E16.

Foto: 03030-TIPSAR

Det oppstod lang kø på begge sider av Jamnatunnelen nord for Vaksdal etter at den vart stengt ved 07-tida i dag.

Ein stein fall ned frå taket, og geolog måtte på plass for å undersøka taket.

– Geologen meiner det ikkje er noko fare for at fleire steinar skal dette ned, og at det er greitt med manuell dirigering av trafikken, seier Kristian Fauskan i Vegtrafikksentralen.

Steinen ligg framleis i vegbana, og vil ikkje bli rydda vekk før i kveld.

– Me vil halda fram med manuell dirigering utover dagen, og så stenger me tunnelen i kveld for å rydda vekk steinen. Me veit ikkje nøyaktig når det vil skje, seier Fauskan.

Ingen vart skada i hendinga.

Det oppstod kø og ein del problem på gamlevegen rundt tunnelen. Dette er ein smal veg og bilane har problem med å passera kvarandre, opplyser Statens vegvesen.

Laster Twitter-innhold
Jamnatunnelen

Saka vert oppdatert.