NRK Meny
Normal

Innbrotstjuv gløymde igjen hunden

Det var ikkje særleg vanskeleg for politiet i Nordhordland å oppklara eit innbrot i dag tidleg.

Laster kart, vennligst vent...

Det var i morgontimane laurdag at politiet i Nordhordland fekk melding om eit innbrot på den interkommunale gjenvinningsstasjonen NGIR mellom Hundvin og Seim i Lindås.

– Vi rykka ut med ein patrulje for å undersøke staden. Inne på området fann patruljen ein hund som var bunden fast til eit gjerde, forklarer operasjonsleiar Arve Samsonsen til NRK.

Politibetjentane har såpass med lokalkunnskap at dei drog kjensel på hunden.

Avslørt

– Dei kjente igjen hunden og fekk derfor ein klar mistanke om kven som kunne ha gjort innbrot på stasjonen.

Patruljen oppsøkte hundeeigaren på si heimeadresse og dei fekk bekrefta mistanken. Heime hjå mannen i 30-åra fann dei fleire gjenstandar som vedkommande hadde tatt med seg frå gjenvinningsstasjonen. Tjuven er ein kjenning av politiet.

– Han hadde rett og slett gløymd igjen hunden på staden. Vi har oppretta sak på forholdet og tatt ifrå han gjenstandane som han hadde urettvis tatt med seg, avsluttar operasjonsleiar Arve Samsonsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.