Hopp til innhold

Sølvinnbrotet som blei gull verd

Like før jul blei butikken ribba for dyre smykker. Det gav eigaren ein overraskande god restart.

 Ziva Jelnikar

NY GIV: Sølvsmed Ziva Lelnikar syns det har vore ei god erfaring å byggje oppatt verkstaden frå grunnen etter innbrotet.

Foto: Tone Berge / NRK

– Det har vore tre supre månader, seier Ziva Jelnikar.

Smykkekunstnaren strålar over å ha bygd opp att butikken i Bellgården på Bryggen i Bergen. For ganske nøyaktig tre månader sidan fekk ho brutalt besøk av innbrotstjuvar. Smykker for nærare ein million kroner forsvann 15. desember, og Ziva sto att med heile tapet.

– Har fått begynne på nytt

 Ziva Jelnikar

VIL VIDARE: – Eg vil gjerne seie til folk at eg er i gang i gjen, og at det har gått veldig bra. Det har vore tre supre månader, synes Ziva Jelnikar.

Foto: Tone Berge / NRK

Likevel meiner Ziva at innbrotet har gjort ho godt. Ikkje minst med tanke på all støtte og omsorg frå vener.

– Det har vore ein veldig rørande periode. No har eg fått begynne på nytt. Det har eg aldri opplevd før, og det er veldig fint. Eg har aldri hatt så mykje glede av å jobbe med sølv som no. Er veldig fokusert og effektiv, fortel ho.

LES OGSÅ: Ble robbet for smykker til nesten en million | Mener Bryggen er en godtebutikk for tyver

Tjuvane tok med seg det meste, men no blenkjer det i den nye utstillinga. Ziva har også fått seg nytt utstyr, pussemaskin og verkty.

– Eg har jobba veldig mykje sidan innbrotet. Utvikla meg sjølv, og fått nytt utstyr. Det har vore heilt fantastisk, meiner ho.

– Tre supre månader

Torsdag har ho invitert 120 gjester til nyopning av butikken. Men ho har ingen kontroll på kor mange som dukka opp.

(Saka fortset under biletet)

 Ziva Jelnikar

BLENKJER PÅ NY: Laurdag er det nyopning av butikken i Bellgården på Bryggen.

Foto: Tone Berge / NRK

– Det blir fest idag, og eg har ingen kontroll på kor mange som kjem. Eg vil gjerne seie til folk at eg er i gang igjen. At alt har gått bra, og at det har vore tre supre månader. No kan vi gløyme det som skjedde før jul, og snakke om framtida, seier Ziva.

– Er du lei av å snakke om innbrotet?

– Det har vore mykje snakk om det som skjedde, og no vil eg berre gå vidare, sjølv om det var ei god erfaring, fortel Ziva Jelnikar.