NRK Meny

Ingen nye spor etter væpna klovnar

Fleire born vart skremd av tre personar i klovnedrakt og masker ved Vadmyra skule i Bergen onsdag kveld. Personane skal ha hatt balltre og knivar. I natt har politiet ingen nye spor å gå etter i søket etter dei tre personane. – Bergen Vest politistasjonsdistrikt vil etterforska saka vidare torsdag, opplyser operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.