Ingen funn etter kollisjon

Politiet har avslutta søket etter mogleg skadde etter kollisjonen i Jordalstunnelen i dag tidleg. Det er ikkje gjort funn av personar i området rundt tunnelen. Politiet trudde først at bilen var uregistrert, men har no funne eit bilskilt ved bilen som var svenskregistret. – Me veit ikkje kor personen eller personane i bilen har tatt vegen, men undersøker vidare, og tar gjerne i mot tips i saka, seier Morten Krohnen i Vest politidistrikt.