NRK Meny
Normal

Ingen bankstreik

Bankkrisa er hindra. Regjeringa gjekk inn for tvungen lønnsnemnd, for å løysa konflikten i finansnæringa.

Penger.
Foto: Cornelius Poppe. / Scanpix

Før helga var det store køar i minibankane fordi folk ville sikra seg kontantar før heile Norge stoppa opp.

Men måndag blei det tvungen lønnsnemnd, og alle dei 6000 som har vore i streik sidan 1. juni gjekk tilbake på jobb.

Svært skuffa

Nestleiar i Finansforbundet i Hordaland
Foto: Guro Mjanger / NRK

Nestleiar i Finansforbundet i Hordaland Hans Christian Riise er svært skuffa over at det blir tvungen lønnsnemnd. Han meiner arbeidsgjevar har pressa fram situasjonen fordi dei har varsla lockout.

For store konsekvensar

Arbeids -og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen meiner den varsla opptrappinga av bank-konflikten ville ha så store konsekvensar at tvungen lønsnemnd var nødvendig.

Fare for lockout

Ei opptrapping av streiken ville blitt svart på med lockout frå arbeidsgivarsida, slik at 26.000 tilsette i bank og forsikring ville blitt ramma.

I praksis ville det betydd at blant anna minibankar og betalingsterminalar ikkje ville fungert.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio