NRK Meny

Ikkje råka av hackerangrep

Sportsklubben Brann er ikkje råka av hackerangrepet som blant anna har ramma ein del norske toppfotballklubbar. Det bekreftar dagleg leiar Vibeke Johannesen. – Vi tar våre forholdsreglar og er forsikra mot slike serverangrep. Våre tilsette er orientert og har fått beskjed om å vere forsiktige med opning av vedlegg som kan føre til eit angrep. Vi tek slikt på alvor, seier Johannesen. Brann møter Molde på heimebane klokka 20 i kveld.