Hopp til innhold

Ikkje kontroll på brann på Stord

Brannvesenet på Stord pumpar sjøvatn for å sløkka terrenget som brenn mellom Stokkavegen og Flyplassvegen. Det som byrja med ein lyngbrann, spreier seg no austover. – Det er bratt og ulendt terreng, men det er ikkje særleg vind i området. Det er nokre hus ved vegen eit stykke unna, men det er ikkje fare for dei enno, seier Steinar Eilertsen ved 110-sentralen i Haugesund.