IKKJE AVHØYR I DAG:

Advokat Egil Jordan er nemnd opp som forsvarar for franskmannen som i går gjekk til angrep på to arbeidarar ved Nordneshytten på byfjella i Bergen. Jordan seier til NRK at han ikkje har snakka med sin klient enno. Politiet har ikkje avhøyrt den sikta. – Det blir ikkje avhøyr i dag heller, seier Jordan.