Hopp til innhold

I denne hundebarnehagen feirar dei påske med kostyme og leik

MIDTUN (NRK): Det er ikkje berre enkelt å få tretten hundar til å sitte roleg for eit bilete.

Hundane i Bergen Hundebarnehage vert pynta til påske.

SJÅ BILETA HER: I Bergen Hundebarnehage feirar dei både påske, Luciadagen og halloween.

Foto: Elise Angell / NRK
Påske, jul, Lucia og Halloween. Alt vert feira i denne hundebarnehagen.

– Denne veg, ropar Ina Therese Pedersen.

Etter ho kjem tretten hundar i ulike storleikar og fasongar. Nokre av dei har på kjeledress.

Felles for dei alle er våte snutar og logrande halar.

Denne dagen er litt utanom det vanlege. Dei skal nemleg på påskeeggjakt. Og alle tretten er klare som egg.

– Vi har gøymt påskeegg med godbitar inne i skogen. Så får hundane søke etter dei. Det synest dei er kjekt, fortel Pedersen, som er eigar og dagleg leiar i Bergen Hundebarnehage.

Pyntar seg til påske

Ina Therese Pedersen

HUNDEELSKAR: – Ein må vere glad i dyr for å ha ein slik jobb, seier Ina Therese Pedersen, eigar og dagleg leiar i Bergen Hundebarnehage.

Foto: Elise Angell / NRK

Nasene går på høggir, og hundane er tydeleg stolte når dei finn egga, sjølv om nokre av dei treng litt hjelp.

– Dette er svært god trening for dei, seier Pedersen, som har drive hundebarnehagen i to år.

Og å søke etter påskeegg er ikkje den einaste treninga hundane får.

Tilbake i barnehagen på Midtun er det nemleg tid for det obligatoriske påskebiletet.

– Vi har effektar og pynt til dei ulike høgtidene. Det brukar vi til å kle hundane opp og ta bilete, fortel ho.

Labradoren Milo får på seg kaninøyrer. Mopsen Connie vert ikledd påskekyllingdrakt. Golden retrieveren Lotta får pynte seg med blomstersolbriller.

– Dette har liksom blitt ei greie. Eigarane har byrja å gle seg til desse bileta. Det er kjekt for dei å sjå kva hundane finn på i barnehagen, seier Pedersen, som sjølv er utdanna både veterinærsjukepleiar og fysioterapeut for dyr.

Ho understrekar at dette også er moro for hundane.

– Dei forstår jo sjølvsagt ikkje at det er påske eller jul, men dei forstår at dei må sitte stille og vente, og at det kjem ein godbit eller ei leike til slutt.

Ikkje eit nytt fenomen

Pedersen fortel at hundane lærer mykje kvardagslydnad.

– Dei må gå fint i band, kome når vi ropar og vente på tur her i barnehagen.

Og hundebarnehagar er slett ikkje eit nytt fenomen. I 2015 kunne NRK fortelje at Mattilsynet opplevde ei dobling i talet på godkjente dyrepensjonat.

Geir Marring er atferdsekspert

HUNDEEKSPERT: Geir Marring har drive Oslo Hundeskole sidan 1992.

Foto: Ola Mjaaland

Hundeekspert og eigar av Oslo Hundeskole, Geir Marring, meiner hundane kan ha godt av å gå i barnehage.

– Dersom dei som arbeider der har god fagleg kunnskap er det ei fin sosial trening for dyra.

Han meiner det er positivt at hundane lærer å sitte og bli medan dei til dømes vert fotograferte, men er kritisk til all pynten.

– Det er kjempefint at dei lærer å vente, men det grenser jo litt til menneskeleggjering med all pynten og er ikkje noko eg personleg ville ha gjort. Men i USA er jo dette med å pynte dyra blitt kjempestort, seier han.