NRK Meny
Normal

Så mange vestlendingar får pengar att på skatten

I dag startar utsendinga av 6,2 milliardar til vestlendingar som har betalt for mykje skatt. Er du heldig, får du dei på konto alt i dag – men det gjeld ikkje alle.

Selvangivelse 2013

STARTAR UTSENDING AV PENGANE I DAG: 25. juni fått mange av landets lønnsmottakarar og pensjonistar utbetalt årets skatteoppgjer. Men dersom du har levert 'på gamlemåten', altså på papir, må du vente lenger på skattepengane.

Foto: Kim Jansson / NRK

Marta Johanne Gjengedal

KJEM SNART PÅ KONTO: Dersom du er ein av dei som får pengar att på skatten, er lønnstakar eller pensjonist og har levert digitalt, kan du vente deg skatteoppgjeret inn på konto i løpet av dei neste dagane.

Foto: Skatt Vest

Onsdag startar utbetalinga av skattepengane dine. Totalt hadde vestlendingane heile 6,2 milliardar kroner til gode på skatten i fjor.

Det er meir enn året før, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør for Fastsetjing i Skatt Vest.

– Over 500 000 personar på Vestlandet får til saman igjen over seks milliardar kroner på skatten. Det er ein milliard meir enn i fjor.

Høgt snitt

Og ikkje nok med det: Av dei over 500 000 personane som får pengar att på skatten, ligg gjennomsnittssummen på over 10 000 kroner.

–Snittet er på nesten 12 000 kroner. Det er omtrent tusen kroner meir enn i fjor, seier Gjengedal.

Færre får restskatt

Nesten 90 000 personar må derimot ut med pengar til skattemyndigheitene. Det er færre enn i fjor, men summen er i gjennomsnitt høgare, fortel Gjengedal.

–I fjor måtte over 94 000 betale restskatt. Då låg gjennomsnittssummen på i overkant av 12 000 kroner. I år ser vi at snittet er høgare, på over 14 000 kroner, medan det gjeld færre personar.

Når får du pengane?

Skatteoppgjør

DIGITALT OPPGJER: Stadig fleire vel å få skatteoppgjeret digitalt, spesielt etter at Skatteetaten starta utsendinga av skattepengane til dei som leverte digitalt før dei som har levert på papir. – Frå no av vil dei fleste få skatteoppgjeret berre på nett, seier Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest.

Foto: Kim Jansson / NRK

Men dagens utsendingsstart gjeld berre dersom du er lønnstakar eller pensjonist, som brukte leveringsfritak eller leverte elektronisk.

Dersom du leverte sjølvmeldinga på papir, er sjølvstendig næringsdrivande eller gift med nokon som er det, kan du risikere å måtte vente heilt til hausten.

–Skatteoppgjera for desse gruppene blir sendt ut frå og med 6. august og ein gong i veka fram til 15. oktober, seier Gjengedal.

Sjekk din kommune

I Bergen kommune er det fleire enn i fjor som får utbetalt skatteoppgjeret tidleg, det vil seie i løpet av juni månad.

Også her er snittet høgare enn fjoråret.

–Då fekk dei nesten 140 000 som fekk att pengar, i snitt utbetalt litt over 10 000 kroner. Talet i år er på nærare 12 000.

På Skatteetaten.no kan du no sjekke tala for din kommune.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.