Hopp til innhold

Hyttetjuv tatt på fersken sovande i hytte

Den rusa personen utløyste både redningsaksjon og leiteaksjon i Masfjorden i natt, før politiet til slutt spora opp tjuven i ei hytte.

Det var klokka 02.00 natt til onsdag at politiet fekk melding om at ein sterkt rusa person held til i området kring Storavatnet i Indre Haugsdal i Masfjorden.

Operasjonsleiar Terje Magnussen seier synet av ein drivande båt først utløyste ein redningsaksjon.

–Vi sende patruljar opp i området, og fekk observasjonar av ein båt som låg og dreiv på vatnet.

Redningsaksjon blei arrestasjon

Båten som dreiv på vatnet blei etter kvart funnen, utan at det var folk om bord, seier Magnussen.

–På bakgrunn av den drivande båten starta vi ein redningsaksjon på staden. Då vi etter kvart fann den tom, blei både hundepatruljen og ein lokal patrulje sett inn i søket.

Det viste seg snart at hyttetjuven ikkje hadde komme langt av garde.

–Vi fann ein person som hadde tatt seg inn i ei hytte, der han låg og sov.

Kva tjuven hadde fått med seg frå hyttene, er ikkje kjent.