Hopp til innhold

Hund skremte vekk innbrotstjuvar

I morgontimane torsdag har det vore eit innbrot i ein bustad i Ulriksdalen. Politiet er på adressa for å sikra spor. – Gjerningspersonane er mest truleg skremt vekk av ein hund. Det er enno uklart om noko er stole, seier Marit Hanson ved operasjonssentralen til politiet.