Hopp til innhold

HSD og Gaia fusjonerer

Selskapa som fraktar hordalendinger både til lands og til vanns slår seg saman.

HSD og Gaia fusjon
Foto: Rebecca Strand / NRK

Forhanlingane om det som ser ut til å bli den største transportfusjonen på Vestlandet nokon sinne, har pågått sidan november i fjor.

Selskapa vedtok planane for samanslåinga på styremøte tirsdag 2. mai.

Henning Warloe
Foto: Andreas Grimsæth / NRK

 

Transportgiganten har ennå ikkje fått noko namn og er ikkje godkjent av eigarane. 

Byrådet i Bergen er sketisk til samanslåinga som dei meiner ikkje gagnar kommunen eller passasjerane.

Sjå Skepsis til HSD/Gaia-fusjon  

Bystyret i Bergen skal som storeiegar i Gaia Trafikk diskutere fusjonen 19. juni.

HSD-direktør Dagfinn Neteland blir direktør i det nye selskapet.

Vanskelege forhandlingar

Forhandlingane har til tider har vore vanskelege og teke lenger tid enn rekna med. Hovudproblemet har vore å bli samde om verdien på dei to selskapa.

I tillegg har det ikkje gjort saka betre at det frå byrådet i Bergen har vore skeptisk til planane om samanslåing.

Bergen har saman med Os kommune over halvparten av aksjane i Gaia, og dei har engasjert eit frittståande selskap for å vurdera korleis kommunane kan få mest mogleg for aksjane.

Det samanslåtte vil ha omlag 3000 tilsette. Per i dag har dei 12 prosent av marknaden i Norge, og dei to selskapa omsette i fjor for 2,1 milliardar kroner.

Selskapene tar sikte på å behandla fusjonsplanen formelt i ekstraordinære generalforsamlingar 30. juni i år.

Tradisjonsrike selskap

Samanslåing av HSD og Gaia vil truleg heller ikkje vera den siste i ei lang rekke med fusjonar og oppkjøp på Vestlandet.

Hardanger Sunnhordlanske Dampskipselskap har eksistert i over 125 år og har opp gjennom åra tatt opp i seg ei rekke selskap. I 1999 overtok HSD busselskapet Bergen Hardanger Voss.

Året etter gjekk Vest Trafikk inn i selskapet, og Vesttrafikk var frå før ei samanslåing av rutelaga i Bergen Vest, Sotra, Øygarden og Askøy. Seinare har også bussavdelinga til BNR og Haugland Billag blitt ein del av HSD.

Gaia Trafikk har bakgrunn heilt frå gamle Osbanen på slutten av 1800-talet. Det selskapet me kjenner i dag har eksistert sidan 1998 då Bergen Sporvei og Pan trafikk blei slått saman. Og Pan trafikk var igjen ein reslutat av fusjon mellom Fana, Os Milde og Åsane Billag tidleg på 90-talet.

Fleire fusjonar i vente

Samanslåingane innan transportselskapa på Vestlandet vil truleg halda fram.

Stavangerske med storeigar Folke Hermansen eig alt ein stor del i HSD, og dei to selskapa har ei rekke felles prosjekt. Truleg vil HSD/Gaia også venda augene nordover igjen og prøva å få med Fjord1-konsernet i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.