Hopp til innhold

- Høyrer skyting frå slummen

Like etter at valresultatet blei offentleggjort, starta bråket.

Uro i Kenya

URO I KENYA: Ei bølgje av vald skyller over Kenya etter presidentvalet.

Foto: KAREL PRINSLOO / AP

- Vi bur i ein ganske rolig bydel, men Kibraslummen ligg berre nokre kilometer herfrå, og vi høyrde skyting då dei starta med å skyte ut tåregass, seier Andreas Kårbø.

- Føler de dykk trygge?

- Ja, vi har eit område på 80 mål med godt vakthald, så vi føler oss trygge her, seier han

President Mwai Kibaki blei gjenvald som president i Kenya på søndag, men opposisjonen hevdar at valet har vore prega av omfattande valfusk. Like etter at det jamne resultatet blei offentleggjort, starta bråket. Og verst var det i slummane.

Kjersti og Andreas Kårbø

FREDELEG: - Vi føler oss trygge her på den norske skulen, seier Kjersti og Andreas Kårbø.

Foto: Privat.

Nokre av slummane har over ein million innbyggjarar.

- Når folk brakar saman der, så blir det mykje bråk, seier Kårbø.

44 personar er på den norske skulen no, og fleire grupper med nordmenn busett i farlege området har tatt inn på skulen.

Storbritannia har åtvara folk mot å opphalde seg i hovudstaden Nairobi. Så langt har ikkje det norske utanriksdepartementet kome med generelle reiseråd om Kenya.

- Vi kan berre halde oss til det ambassaden seier, og rådet deira er at vi ikkje forlet området, seier Kårbø.

- Vi har det bra, men dessverre er det mange av våre kenyanske vener som ikkje har det så bra.

Nyttårshelga blei feira med grilling og norske kaker - men utan rakettar.