Hopp til innhold

Hovudveg i Hardanger stengt lenge etter ras

Riksveg 13 sør for Odda har vore sperra av eit jordras og mange velta tre sidan sundag ettermiddag.

Rotvelt og jordras på rv. 13 ved Sandvinvatnet i Odda

BILKØ I FARE: Slik såg det ut på vegen då raset hadde gått.

Foto: Nikolai A. Tvedt

SISTE: Måndag i 13-tida vart vegen opna igjen. Då hadde den vore stengt nesten eit døgn.

Etter ei ny vurdering klokka 09.30 måndag morgon blei det avgjort å opne riksveg 13 for trafikk.

Langs austsida av Sandvinvatnet i Odda sperra fleire tre vegen nord for Lausasteintunnelen. Vegen blei stengt rett før klokka 14 sundag.

Klokka 15.40 melder Vest politidistrikt at trea har kome over vegen saman med eit om lag 20 meter breitt ras med litt jord og stein.

Politiet opplyser at verken personar eller køyretøy er blitt tatt av raset eller dei velta trea.

I sør er vegen stengt ved Lausasteintunnelen og varsla med raudt lys. I nord er vegen stengt ved Vasstun.

Bilkø (t.h.) etter rotvelt på rv. 13 ved Sandvinvatnet i Odda.

BILKØ I FARE: Fleire velta tre sperrar riksveg 13 ved Sandvinvatnet i Odda, og Mesta jobbar med å få evakuert bilane frå området der det er fare for nye rotvelter.

Foto: 03030-tipsar

Vegstrekninga er vanlegvis del av ein hovudveg mellom Bergen og Oslo, men denne helga er E 134 over Haukelifjell stengt på grunn av fare for snøskred.

Evakuerte bilkøen

Tidlegare søndag ettermiddag fortalde Vegtrafikksentralen at entreprenøren Mesta jobba ved Sandvinvatnet med å evakuera bilane som stod i kø på begge sider.

Politiet var på staden for å hjelpa til med det.

Ifølge meldingar frå staden kan det vera opptil åtte store tre som har velta over vegen.

– Det er for tidleg å starta arbeidet med å fjerna dei velta trea, seier trafikkoperatør Tore Tysse.

– Det bles hardt i området, og det er fare for at fleire tre vil velta. Derfor gjer Mesta ikkje noko med rotveltene før vinden minkar.

Lausasteintunnelen

Dei reknar med at oppryddingsarbeidet vil ta fleire timar.

– Me kan ikkje seia meir nøyaktig kva tid vegen kan bli opna att.