NRK Meny
Normal

Homofilt pingvinpar har adoptert eit egg

På akvariet i Bergen fann dei to pingvinane Pondus og Herman Piele kjærleiken i kvarandre. No er lukka komplett, for denne veka adopterte dei sitt første egg.

Homofilt pingvinpar har adopter egg

FULLE AV OMSORG: Pingvinparet Pondus og Herman Piele, er no blitt lukkelege foreldre.

Foto: Akvariet i Bergen

Herman Piele og Pondus - homofile pingvinar

REDDA EGGET: Herman Piele og Pondus er svært lukkelege over at dei har ein liten ein på veg.

Foto: Akvariet i Bergen
Pingvin rugar på egg

FLINKE Å RUGE: Direktøren ved akvariet trur paret blir gode foreldre.

Foto: Akvariet i Bergen
Kees Ekeli

LETTA: Direktør ved Akvariet, Kees Ekeli, var redd for at egget aldri skulle bli klekt, men takka vere pingvinparet er framtida no lys.

Foto: Jørgen Eide

– Vi er så lukkelege. Denne baby-pingvinen hadde ikkje hatt sjanse om ikkje Pondus og Herman Piele tok egget til seg, seier direktøren ved akvariet i Bergen, Kees Ekeli.

Det betyr at akvariet i Bergen har fått sitt første homofile foreldrepar.

– Dei er fulle av omsorg, fortel direktøren.

Starta å ruge med ein gong

Årsaka til at Pondus og Herman måtte trå til, var at eit anna par la tre egg denne våren. Normalt legg kvart par to egg, fordi det er alt dei klarar å ale opp.

Det var BA som først omtala det ferske foreldreparet.

– Det er veldig sjeldan. Vi var sikre på at dette egget ikkje kom til å nå klekking, men så kom ein kollega på at vi kunne prøve å gi det til Pondus og Herman, seier Ekeli.

Som sagt, så gjort. Dei tilsette ved akvariet tok egget og la det varsamt framfor dei. Det tok berre nokre sekund før dei skubba egget under seg og starta å ruge.

– Dei såg lukkelege ut

– Det var heilt fantastisk. Dei såg så lukkelege ut, og alle synest det var utruleg flott å sjå, seier Ekeli.

Den neste månaden vil handle om ruging og vakthald av det vesle egget, før ein ny liten pingvin kjem til verda i Bergen.

– Både Herman Piele og Pondus har god erfaring med ruging og oppdraging, sidan dei begge hadde egg i fjor. Det var også noko av grunnen til at vi håpte dei ville ta til seg egget, fortel Ekeli.

Fann kjærleiken

Herman og Pondus hadde begge koner før dei fann kvarandre. I fjor la dei egg med pingvindamene sine, men av ein eller annan grunn fann dei to ut at dei skulle bli saman i staden.

– Dei har gjort sitt val, og virkar veldig nøgde med det, fortel direktøren.

– Det er dette dei lever for

Ekeli trur det hadde blitt ein stusseleg sommar for dei to pingvinane om dei ikkje hadde fått eit egg.

– Det er jo dette dei lever for, og eg trur ikkje dei er klar over at dei ikkje kan reprodusere seg med kvarandre. Det verkar som dei berre blir saman med nokon og så kjem det eit egg ut på våren, seier Ekeli.

Pingvinarten som held til i akvariet i Bergen heiter bøylepingvin. Både hannane og hunnane tar i eit tak når dei oppdrar born.

Det er faktisk ikkje heilt uvanleg med homofili heller.

– Der fins fleire eksempel på dette, men det som er spesielt med desse to er at dei tidlegare har vore i heterofile forhold, seier Ekeli.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik