Det blei eit sterkt møte mellom mor og dotter då Hiwet Kalaab Weldemariiam kom til Bergen i kveld.
Etter seks år fekk Hiwet og mora Letensia Mengestu i dag endeleg treffa kvarandre igjen og Letensia Mengestu kjente ikkje dottera igjen med ein gong.
– Eg visste ikkje kor høg ho var blitt og korleis ho hadde utvikla seg, seier Letensia Mengestu til NRK.no.
På flyplassen fortalde Hiwet via den svensk-eritreiske journalisten Meron Estifanos at ho aldri hadde trudd at ho ville komma frå kidnapparane i live.
Blei halden fanga på Sinaihalvøya
Det var om sommaren i fjor at Hiwet blei kidnappa på grensa mellom Eritrea og Sudan. Ho var då på veg til Noreg og Bergen der mora bur.
Den då 18 år gamle kvinna blei halden fanga på Sinaihalvøya i Egypt. Ho blei slått medan ho var fanga og i periodar blei matinntaket hennar avgrensa.
LES OGSÅ:
Etter at det var blitt betalt 200.000 kroner i løysepengar blei Hiwet sett fri i november i fjor, og fram til no har ho sitte fast i Kairo i Egypt.
– Tenker på alle andre i fangenskap
Hiwet sa i kveld på Flesland at ho er veldig takknemeleg for all hjelp ho har fått.
– Kva draumar har du no som du er her?
– Eg skal først gjera ferdig skulen, så får eg tenka på draumar etterpå, seier Hiwet.
Om Noreg og Bergen veit ho førebels ikkje så mykje.
– Eg har høyrt at det er veldig kaldt, seier Hiwet.
Då Hiwet blei kidnappa trudde mora at ho ikkje skulle få sjå dottera si igjen.
– Eg kan ikkje få takka nok alle som har hjelpt oss. Eg tenker på alle dei andre som er i fangenskap og ber til gud om at dei må komma seg ut, seier Letensia Mengestu.