Her sit Hordalendingane

Stortingsrepresentantane frå Hordaland er nå blitt plasserte i det nye Stortinget.

Stortinget
Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Dei fleste partia har avgjort kva komitear representantane deira skal sitta i.

LES OGSÅ: Ny hordalandsbenk på Stortinget

Kjersti Toppe (Sp) går inn i Helse- og omsorgskomiteen, og får nestleiarvervet. I denne komiteen skal også Erna Solberg (H) og Laila Dåvøy (KrF) sitta i.

Gjermund Hagesæter (FrP) blir fraksjonsleiar i kommunal og forvaltingskomiteen. Hilde Magnusson Lydvo (Ap) skal også sitta i denne komiteen.

Tove Linnea Brandvik (Ap) går inn i Arbeids- og sosialkomiteen. Der skal også FrP-representanten Laila Reiertsen sitta.

Per Rune Henriksen (Ap) skal sitta i Energi- og miljøkomiteen. Partikollegaen hans Magne Rommetveit går inn i Transport- og kommunikasjonskomiteen, der også Øyvind Halleraker (FrP), og Arne Sortevik (FrP) skal sitta.

Dag Ole Teigen (Ap) skal sitta i Finanskomiteen. Henning Warloe (H) går inn i utdannings- og forskingskomiteen. FrP-representanten Karin S. Woldseth skal sitta i Utanriks- og forsvarkomiteen.

SV sin stortingsgruppe har valt Audun Lysbakken til parlamentarisk leiar . Han blir og sittande i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Heikki Holmås er hordalending, men stiller for Oslo. Han har fått vervet som leiar av Stortingets kommunalkomité.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.