NRK Meny
Normal

Her er det varmast i landet i dag

Ein nydeleg septemberdag på Vestlandet har sendt temperaturane over den magiske 20-grensa. Men det er mørke skyar i horisonten.

Festplassen i Bergen i 20 grader i september 2015

NYDELEG: Bergen passerte den magiske 20-gradersgrensa i formiddag. Kun ein anna stad i Norge har det vore varmare i dag.

Foto: June Lien Isaksen / Instagram

Ein rekke stader har det vore ein nydeleg septemberdag i dag, med sol og høge temperaturar. Lenge var det faktisk Bergen som låg på varmetoppen med 20,7 grader i dag, men klokka 13.00 måtte den regnfulle vestlandsbyen sjå seg slått av Linge i Møre og Romsdal.

Dei har komme seg opp på 20,9 grader og kan difor gleda seg over å vera landets varmaste stad i dag.

– Det har vore ein veldig fin haustdag, både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier vakthavande meteorolog Gunnar Livik ved Vervarslinga på Vestlandet.

Laster Twitter-innhold

– Ikkje uvanleg

Topplista ser slik ut klokka 13.00 torsdag:

  • Linge, Møre og Romsdal: 20,9 grader
  • Bergen, Hordaland: 20,7 grader
  • Ålesund, Møre og Romsdal: 20,7 grader
  • Brudalsvatnet, Møre og Romsdal: 20,7 grader

Også Stord i Hordaland har komme seg over 20-gradersmerket i dag. I Sogn og Fjordane er det Fureneset med 19,9 grader som har vore varmast.

Sjølv om vi no skriv september er det ikkje uvanleg at sommaren heng litt igjen temperaturmessig.

– At det passerer 20 grader tidleg i september er ikkje unormalt, men det er nok ekstra herleg med nokre lune haustdagar, seier meteorolog Livik.

Nedbør på veg

Og er du av dei som har vore litt skuffa over sommarværet, bør du utnytta finvêret på Vestlandet i dag. Eit lågtrykk vest for Danmark kan vera på veg nordover.

– I ettermiddag kan det kome bygevêr i Sunnhordland og i indre strøk. Opphaldsværet elles i Hordaland og nordover vil halda seg fram til i morgon formiddag.

– Men frå fredag ettermiddag vil det bli bygevêr. Og det vil halda fram i alle fall fram til laurdag ettermiddag og kveld. Då vil det minke og det ser ut til å bli fint igjen på søndag, avsluttar Livik.

Siste video

Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås