Hopp til innhold

Her dundrar konteinaren i bakken frå 18 meter

To personar overlevde mirakuløst. No risikerer kranføraren fengselsstraff.

Bilder av kranvelten i Walckendorfsgate 09.12.13

DRAMATISK: Overvakingsvideoen frå Valkendorfsgaten måndag 9.desember 2013 syner dei dramatiske sekunda etter at konteinaren dundra i bakken og knuste to bilar. (Redigering: Christine Kongsvik)

Det var i desember 2013 at ein fleire tonn tung konteinar var i ferd med å bli løfta ned frå eit tak i Valkendorfsgate i Bergen. 18 meter lenger nede på gatenivå går livet sin vante gang. Så smell det.

Kranen som skal løfta konteinaren trygt ned knekk på tvers, og både konteinaren og krana dundrar i bakken. Her smadrar den ein bil som står parkert like under krana, samt knuser frontruta på ein anna som køyrer forbi i gata. '

To personar slepp mirakuløst frå det utan alvorlege skader.

No står kranføraren tiltalt for å ha vore aktlaus både før og under kranløftet. Rettssaka byrja i Bergen tingrett måndag, og i den forbindelse vart ein overvakingsvideo som viser ulukka vist i retten.

Kranulykke i Valkendorfsgaten

SEKS ETASJAR NED: To bilar med to personar sittande inni fekk den fleire tonn tunge konteinaren over seg. Begge slapp mirakuløst frå det utan alvorlege fysiske skader.

Foto: Gøril Teigen

Vog 800 kilo meir enn lovleg

Videoen syner også to personar som går forbi krana like før konteinaren kjem dundrande ned i bakken. Dei braut sperringane som kranføraren hadde sett opp, men redda truleg livet på det.

Ulukka vart etterforska og det vart i mai 2015 tatt ut tiltale mot den 47 år gamle kranføraren. Ifølge tiltalen nytta ikkje kranføraren «kranen sitt lastekart som viste at kranen i den satte posisjon hadde ein løftekapasitet på ca. 1600 kilo, mens konteinaren med innhold veide ca. 2400 kg».

Då rettssaka starta måndag nekta kranføraren ifølge Bergens Tidende straffskyld.

Container Valkendorfs

KNUST: Slik såg det ut i Valkendorfsgate etter at konteinaren dundra i bakken.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Inntilt tre års fengsel

Bergensavisen skriv at kranføraren hadde jobba for entreprenørselskapet i ein månad då ulukka inntraff.

Han er tiltalt etter straffelovens paragraf 151 og risikerer fengsel på inntil tre år. Det er også fremja krav om erstatning til dei to personane som sat i bilane og fekk skader som følgje av ulukka.