NRK Meny
Normal

Heltane under dekk

JEKTEVIK-NORDHUGLO-HODNANES (NRK): Det er ikkje berre å vri om tenningsnøkkelen når du skal køyre bilferje. Maskinistane passar på at alt går som det skal.

Kjell Frode Magnussen

UNDER DEKK: – Det er ein heil operasjon å starte opp om morgonen. Og så er det alltid noko å vedlikehalde, seier maskinist Kjell Frode Magnussen på MF Folgefonna.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vi er under dekk på MF Folgefonn, som er på veg over Langenuen. Her er det ein jamn dur frå motorane på andre sida av ei kraftig metalldør. Kjell Frode Magnussen passar på at dei oppfører seg som dei skal.

– Det er ein heil operasjon å starte opp om morgonen. Og så er det alltid noko å vedlikehalde. Det er ikkje berre å sitte og følge med på målarane, seier maskinisten.

Laster kart, vennligst vent...

Dieselelektrisk

MF Folgefonna er frå 1998 og skil seg frå andre ferjer i Hordaland. Den er dieselelektrisk. Det tyder at den går på straum, men at den har dieselmotorar som kan lage elektrisiteten. Det er dette systemet som vert nytta på ubåtar.

– Den skil seg litt frå dei tidlegare ferjene eg har jobba på, seier Magnussen.

– Det er meir å passe på med batteria. Men det fungerer greitt.

Overfart og kaiar: 4

Det er ikkje til å kome forbi at Langenuen er keisam. Det er kaiane på Jektevik og Hodnanes og. Men Nordhuglo er ei lita perle.

Nordhuglo

RYGGAR OMBORD: Keisamt på Jektevik og Hodnanes, men denne kaia på Nordhuglo er ein pluss på strekninga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 6

Den karakteristiske MF Folgefonn er mellom dei nyaste ferjene til Norled. Det dieselektriske fartøyet frå 1998 har vore rundt på fleire samband i fylket, men ser ut til å ha funne ein heim no. Den er stille og behageleg, men det er ikkje så lett å føle seg heime i den smale salongen på eine sida.

MF Folgefonn

UVANLEG: MF Folgefonn er ei spesiell ferje. Den er dieselelektrisk. Det betyr at den går på straum, men har dieselmotorar som kan lage denne straumen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 4

Det er berre trist med den nedlagde kafeteriaen om bord. Det såg litt ut som eit halvhjarta forsøk uansett. . Sjølvbetjeningskaffe som er ok. Toalett på kaiane på Stord og Tysnes. Triveleg butikk heilt på kaien på Nordhuglo.

MF Folgefonn - Kafeteria

TRIST: Slik ser det ut i den nedlagde kafeteriaen om bord på MF Folgefonn.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 3

Det som er å gje poeng for her er på Nordhuglo. Her er det så vidt to små oppstillingsplassar. Dei som skal til Hodnanes må rygge om bord.

17 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.