Haug (Ap) ordførar i Ullensvang

Onsdag ettermiddag blei Ullensvang Ap einige om valteknisk samarbeid med KrF, Venstre, SV og Raudt. Dei fem partia har torsdag føremiddag signert på ei avtale der dei «er samde om at Arbeidarpartiet får ordføraren». Dermed held noverande Odda-ordførar Roald Aga Haug fram som ordførar i den nye storkommunen beståande av Odda, Jondal og Ullensvang. – Eg er veldig inspirert og letta, seier Haug til NRK.

Roald Aga Haug
Foto: Tale Hauso / NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon