Har arrestert legekontortjuvar
Politiet har arrestert to personar etter innbrotet på Eivindvik legekontor natt til onsdag. Dei to, ei kvinne og ein mann, er kjenningar av politiet, skriv Strilen. Politiet meiner dei har funne legekoffertane og medisinane som vart stolne.