Det vart som venta både trykk og høg temperatur i lokaloppgjeret mellom Brann og Åsane i Bergen i kveld. Men det som alle snakkar om etter kampen, er duellane mellom Brann-kaptein Jonas Grønner og Åsanes Senai Hagos.
I eit pauseintervju hevdar Grønner at Hagos spytta på han i første omgang.
– Han spyttar meg midt i trynet. Berre sjå på tv-bilda dykkar, sa midtstopparen til TV2.
Utvist etter takling mot same mann
Til NRK etter kampen gjentek Grønner at han meiner han vart spytta på av Hagos i første omgang, i ein situasjon der Brann-spelarane hevda Hagos filma.
– Eg blir så skuffa og eg blir så forbanna. Han kunne slått meg eller grisetakla meg, men å spytte nokon i ansiktet. Slikt gjer ein ikkje på ei fotballbane, seier Grønner og legg til at han har spelt fotball med Hagos sidan dei var 12 år gamle.
Mot slutten av kampen får Jonas Grønner det raude kortet, for ein stygg takling på nettopp Senai Hagos. Med dommaren svært nær sette Grønner knottane i leggen på Åsane-spelaren.
Om taklinga som førte til raudt kort var ein hemn, svarar Grønner slik:
– Det var på ingen måte meining å ta han. Eg hadde blikket på ballen og såg ikkje kven spelaren var.
– Eg prøvde å snakke til han
Kampen enda til slutt 2-2, etter at nykommaren Ruben Kristiansen redda Brann med si utlikning kort tid før slutt.
- LES REFERATET: Åsane sjokkerte Brann på Stadion
Etter kampen svarar Hagos på skuldingane frå Grønner.
– Eg spyttar ikkje på han. Eg prøvde å snakke til han og så kom det spytt ut frå munnen min. Sånn var det, seier høgrevingen til NRK.
Hagos fekk heile Stadion mot seg, og publikum bua når han var nær ballen.
– Kanskje taklinga var ein hemn. No skal eg snakke med Jonas. Ting skjedde i kampens hete, utanfor bana er eg ein grei gut, smiler Hagos.
Både Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Åsane-trenar Kjetil Knudsen seier dei vil snakke med spelarane for å høyre kva som faktisk skjedde mellom dei ute på bana.