Hopp til innhold

Uroa nabo fjerna fjellkanus etter alvorleg ulykke

Audun Hitsøy tok saka i eigne hender etter at ein sjuåring vart påkøyrt like ved der han bur. – Det kunne like godt vore min eigen son.

Fjellvegg

TOK SAKA I EIGNE HENDER: Audun Hitsøy fekk tak i entrepenør som hakka i stykker knausen ved det uoversiktelege krysset på Torsvikhøgda i Øygarden.

Foto: Privat

Det var måndag at ein sju år gamal gut vart påkøyrd i eit bustadfelt på Torsvikhøgda på Rogn i Øygarden. Sjuåringen kom syklande ned i eit kryss der sikta er dårleg og vart påkøyrt av ein bil.

Guten vart sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus med alvorlege skadar. Det fekk begeret til å renne over for Hitsøy.

– Eg har sjølv barn. Dette kunne like godt skjedd med min eigen son, seier han.

– Ein stygg plass

sykkel

STYGG PLASS: Det er eit særs uoversiktleg kyrss der guten blei påkøyrt, seier Hitsøy.

Foto: Tale Hauso / NRK

Den sju år gamle guten hadde vore på besøk hos Hitsøy saman med ein kamerat. Det var på veg heim frå Hitsøy at guten blei påkøyrt.

– Eg har frykta denne staden lenge. I dette krysset er det 50-sone. Køyrer du i 50 kilometer i timen på denne plassen har du ikkje sjanse til å stoppe, seier han.

Han seier han fleire gonger har kontakta Statens vegvesen og kommunen for å gjere staden tryggare.

– Eg har bede dei om å senke fartsgrensa og sette opp eit skilt med barn leikar. Men ingenting skjer. No måtte eg berre gjere noko.

Tok saka i eigne hender

Tysdag tok Hitsøy kontakt med entreprenør som raskt sette i gong arbeidet med å fjerne fjellknausen i krysset der ulukka skjedde. Det var Vestnytt som først omtala saka.

– Han var heilt einig i at her måtte noko gjerast. Sjølv om det mangla folk grunna ferie fekk han folk til å stille på kort varsel for å fjerne knausen.

Men kven som skal betale for arbeidet er ikkje klart enda.

– Me blir einige i etterkant av arbeidet om kven som skal betale. Dersom ikkje kommunen tek på seg ansvaret så blir det frå eiga lommebok. Dette måtte berre gjerast, seier han bestemt.

(Artikkelen held fram under biletet)

fjellvegg

MÅ BETALE SJØLV: Ifølgje Statens vegvesen må Hitsøy betale for å fjerne fjellveggen sjølv. – Me kan ikkje etablere ein praksis der folk tek slike saker i eigne hender og deretter får pengane att, seier Arild Hegrenæs i Statens vegvesen.

Foto: Privat

– Må betale sjølv

Arild Hegrenæs, seksjonssjef i Statens vegvesen region vest, seier at det er uaktuelt at Statens vegvesen står for kostnadane med å fjerne fjellknausen.

– Me kan ikkje etablere ein praksis der folk tek slike saker i eigne hender og deretter får pengane att. Dessutan er dette ein privat veg. Jobben er ferdig så vidt eg kjenner til og desse kostnadane kan ikkje me stå for, seier Hergrenæs.

Han legg til at dei ikkje har registrert at Hitsøy har kontakta dei tidlegare med omsyn til vegen.

– Det kan jo vere det har blitt gjort, men me har ikkje registeret dette, seier han.

Mange stygge episodar

Ifølgje Hitsøy er det ikkje første gong det skjer ulukker i området der han no har fjerna knausen.

– Det har vore mange stygge episodar. Dei siste par åra har det vore kring seks påkøyrslar i området, og på same tid i fjor vart ei jente påkøyrt i same krysset som den sju år gamle guten, seier Hitsøy.

– Eg har sjølv barn i same alder som den sju år gamle guten. Eg kan ikkje risikere at noko skal skje med mine eigne, fortel han.

ulukke

UOVERSIKTELEG: Ifølgje Hitsøy har det vore mange nesten-ulukke i krysset der ein sju år gamal gut blei påkøyrt denne veka.

Foto: Privat