Grasbrann i Masfjorden
Brannvesenet har rykt ut til ein gras- og markbrann på Rekneset i Masfjorden. Brannvesenet er på staden, og fortel at det brenn godt oppover mot skogen. Dei har bede om forsterkingar frå Matre. Årsaka er truleg eit bål som er kome ut av kontroll.