GPS-merkar fleire villrein
Norsk institutt for naturforsking (NINA) startar denne veka arbeidet med å merka fleire villrein i Nordfjella, Setesdalheiene og på Hardangervidda. NRK får opplyst at det dreiar seg om kring 10-15 villrein som skal få GPS-halsband. NINA har fått kritikk etter at ei merka simle vart funne med ein fleire kilo tung isklump rundt halsen i fjor, men instituttet seier dei har skjerpa rutinane.