Eit godstog spora av utanfor Ulriken tunnel mellom Bergen og Arna rundt klokka 02.30. Ingen vart skadd, men to konteinarar velta ned i jernbanesporet. Det er ikkje snakk om farleg gods.
– Heile Bergen stasjon er framleis stengt inntil vidare. Det er store skadar og det vil ta tid å få på plass sviller og ny sporveksel, sa Britt Johanne Wang, pressevakt i Bane Nor, til NRK torsdag klokka 14.
Torsdag kveld melder Bane Nor om at persontrafikken frå Bergen stasjon vil starte opp igjen fredag morgon klokka 05. Godstrafikken vil vere i gang igjen natt til laurdag.
– Kan skuldast svikt i hjullager
Klokka 09.30 var Havarikommisjonen på plass for å undersøka ulukkesstaden. Dei gjekk gjennom toga, spora og gjorde fleire intervju. Dei var ferdig med arbeidet sitt i 11.30-tida.
– Det er for tidleg å seie sikkert kva som var årsaka til ulykka, men ting tyder på at det har vore ei skade på ei av vognene. Det kan sjå ut som eit hjullagerhavari, seier Kurt Olsen, avdelingsdirektør for jernbana i Havarikommisjonen.
No skal dei undersøke saka vidare.
– Dette er ei alvorleg hendig. Det har ført til skadar på Bergen stasjon, som igjen har ført til at all togtrafikk blei innstilt. Heldigvis blei ingen skada og ingen liv gjekk tapt, seier Olsen.
No skal dei sjå nærare på vedlikehaldet av den skada vogna og skjenegangen.
– Vi tar tilbakemeldingene til etterretning og vil samarbeide tett med Havarikommisjonen. No er det viktig å få eit fullstendig bilete av kva som er skjedd slik vi kan finne årsaka, seier Gina Scholz, kommunikasjonssjef i Vy.
Har starta oppryddingsarbeid
– Vi er i gong med oppryddingsarbeid og reparasjonar for å få trafikken i gang igjen. Det er store skader på sporet og signalanlegget, seier banesjef Bjørn Skauge i Bane Nor.
Alternativ transport
Stenginga råkar alle pendlarar som nyttar lokaltoget Arna-Voss eller Voss-Bergen, i tillegg til regiontoget mellom Bergen og Oslo.
– Det er sett opp alternativ transport, men det vil vera forseinkingar fordi bussane ikkje er lika raske som toga. Det går tog frå Arna mot Oslo, men det er forseinkingar, seier Britt Johanne Wang.
– Me gjer alt me kan for å halda togtidene, seier kommunikasjonssjef i Vy, Gina Scholz.
Konduktør Petter Mjelde var ein av dei Vy-tilsette som måtte hjelpa togpassasjerane over på taxi eller buss frå Bergen til Arna.
– Dei fleste tar situasjonen greitt. Det er visst meir ampert i Arna, seier han.
Toga aust for Arna går framleis til og frå Arna, men fleire togsett står fast i Bergen. Scholz oppfordrar folk til å finna andre alternativ, dersom det er mogleg.
Ingen personar vart skadde i avsporinga. Årsaka til ulukka er så langt ikkje kjend.