– Prisane i dag er ganske stive. Eg hadde nok gått oftare viss det var billigare, seier ingeniørstudent Christopher Gjeitrem (23).
– Eg heiar på Viking, men har ikkje sett bortekamp i Bergen ennå. Men viss det blir billigare vil eg heilt klart dra bort og sjå ein kamp. Slik det er i dag er litt dyrt synest eg, seier Ingrid Berge (20), som studerer samanliknande politikk.
Vil bidra til kulturlivet
Avtalen mellom Brann og Det Akademiske Kvarter blei lansert onsdag.
– Me ønskjer å bidra til eit allereie rikt underhaldnings- og kulturtilbod i Bergen. I Kvarteret har me funne den riktige samarbeidspartnaren og den rette kanalen for å tilby studentane rimelege billettar på Stadion, seier Dag Frode Algerøy, salssjef for Privarmarknad i Brann.
Avtalen gjeld alle Brann sine heimekampar og billettane er til feltet nærast bortesupportarane. Dermed kan også Ingrid Berge og andre studentar som heiar på andre lag enn Brann nytta seg av tilbodet.
– Vil appellera til alle studentane
– Dette er ein kjekk avtale. Me får utvida tilbodet vårt til studentar. Me er eit kulturhus som ønskjer å appellera til alle studentane i Bergen, seier Eirik Magnar Høydal, PR-ansvarleg på Kvarteret.
Billettane vil kosta 150 kroner, og ein må visa studentbevis når ein kjøper billett i Stjernesalen på Kvarteret.
– Er dette eit tilbod studentar har spurt etter?
– Ikkje hos oss, men me veit at det har vore etterspurt hos Brann ganske lenge. Me er det mest naturlege kontaktpunktet for studentane og dermed ein naturleg samarbeidspartnar for Brann, seier Høydal.
Delte meiningar blant studentane
Studentane NRK snakka med i Bergen sentrum hadde delte meiningar om det nye tilbodet.
– Eg trur ikkje eg vil gå sjølv om det kostar 150 kr. Eg brukar nok dei 150 kronene på øl i staden for, seier historie-student Lars Kristian Allum (24).
– Eg synest ikkje det er så morosamt å sjå på norsk fotball, så det hjelper ikkje at det kostar 150 kroner, seier Jørgen Møllerop (22).
Men Stabæk-supportar Tiril Halvorsen (22) trur ho vil nytta seg av tilbodet.
– Eg har vore nokre gongar på stadion, men det er litt dyrt. No blir det mykje betre og eg kan gå oftare. Det kan også bli lettare å få med seg folk, meiner Halvorsen.