Hopp til innhold

Eldre par gjekk seg vill på Hardangervidda

Ein mann på 82 og ei kvinne på 64 ringde onsdag kveld og bad om hjelp. Funne i god form.

Dei to var på veg til Sandhaug turisthytte, men har på eitt eller anna tidspunkt gått feil veg.

– Dei har det etter forholda greitt, men manglar mat og er noko kalde, sa operasjonsleiar ved Hordaland politidistrik, Erik Gjesdal onsdag kveld.

Politiet fekk hjelp av Raude kors, som tok seg fram til paret ved hjelp av firhjulingar.

Politiet fekk melding ca. klokka 19.30, og rundt midnatt kunne politiet melde at paret hadde blitt berga ned frå Hardangervidda. Dei var kalde og trøytte, men elles i god form