Hopp til innhold

– KS har tatt for mykje Möllers tran

Bystyrefleirtalet i Bergen gir full støtte til KS si linje i arbeidstidsforhandlingane med lærarane. Men byrådsleiaren reagerer på framgangsmåten til KS.

Byrådet i Bergen
Foto: Sølve Rydland / NRK

Ragnhild Stolt Nielsen

BYRÅDSLEIAREN: Ragnhild Stolt-Nielsen.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen frå Høgre seier at ho reagerer på framgangsmåten til arbeidsgjevarorganisasjonen KS.

Dermed er ho ikkje på line med eigne bystyrepolitikarar.

– Opposisjonen overdriv

Dag Skansen

- DÅRLEG UTSPEL: Meinar Dag Skansen i Høgre.

Foto: Høyre.no

Opposisjonen ville at Bergen skulle gje KS beskjed om å vere meir forsonande i forhandlingane med lærarane.

Men Dag Skansen og Høgre gav saman med Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet full støtte til arbeidsgjevarorganisasjonen si line og meiner opposisjonen overdriv.

– Ein skapar ein debatt basert på dårleg grunnlag. Det er vel heller eit populistisk utspel for å tekke organisasjonane til lærarane. Eg synest det er eit dårleg utspel og eit dårleg triks, gruppeleiar for Høgre, Dag Skansen.

– KS har tatt for mykje Möllers tran

Byrådsleiar frå Høgre, Ragnhild Stolt-Nielsen seier at Bergen kommune som største medlemskommune faktisk har gitt eit langt mildare signal til KS enn forhandlingsutspelet som har skapt full konflikt.

– Vår posisjon er at KS kanskje har tatt litt for mykje Møllers tran. Derfor var det viktig for meg å redegjere at vi frå Bergen si side kan tenkje oss ei gradvis utviding til eit skuleår på 41 veker. Det er ganske langt frå KS sin posisjon om eit arbeidsår inn til 45 veker, seier Stolt-Nielsen.

– Om opposisjonen hadde høyrt etter på kva eg faktisk sa staden for å framføre ferdig skrivne innlegg ville dei erkjent at posisjonen ikkje er så forskjellige i denne saka, seier byrådsleiaren.

– Ein retrett frå byrådsleiaren

Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet er mildt sagt forbausa.

– Om det ho seier til NRK stemmer er denne informasjonen heilt ny, og då skjønar eg ikkje kvifor Høgre i så fall kunne stemt for vårt forslag. Dette er ein retrett frå byrådsleiaren som ikkje er til å tru når ein faktisk stemmer i mot vårt forslag om ein dialogprega forhandlingsmetode ovanfor lærarane.

Gruppeleiar Dag Skansen og resten av bystyrefleirtalet er ikkje einig i eigen bystyreleiar i at KS har gått for høgt på bana, og gav full støtte til KS.

– Eg kan ikkje seie eg er heilt einig i det. Dette er er KS sitt forhandlingsutspel basert på det mandatet som er gitt til dei, seier Skansen.