Hopp til innhold

Sjå gigantløftet på 350 tonn

Måndag vart toppeininga til lastebøya Gullfaks på 350 tonn sett på land. – Vi har planlagt den krevjande operasjonen i eit år og alt gjekk til slutt etter planen, seier prosjektleiar Nils-Eivind Holmedal i Scanmet AS.

Løftet av toppeininga til lastebøyen Gullfaks SPM 1 gjekk etter planen ute i fjorden.

I går starta demonteringa av lastebøya Gullfaks utanfor Leirvik. Den 350 tonn tunge toppeininga vart løfta med løfteskipet Uglen. Heile prosessen tok rundt 12 timar, medan sjølve løftet varte i 3 timar.

Lasteblye fra Gullfaks

PÅ VEG TIL LAND: Løfteskipet Uglen fraktar lastebøya til land.

Foto: Scanmet AS

– Vi løfta av den store toppeininga på lastebøya, der vi blant anna har helikopterdekket. Denne står på ei søyle som flyt på vatnet. Det er høg risiko å flytta på så tunge ting, så her må ein ha full kontroll heile tida og det tek lang tid, forklarar Holmedal.

Omfattande operasjon

Det er utfordrande å prøva å flytta noko som er så stort og tungt.

– Vi har førebudd og planlagt denne operasjonen i eit år. Når ein båt som flyt skal løfta noko som veg 350 tonn som også flyte, så er det mykje som kan gå gale, men operasjonen vart veldig vellykka, seier Holmedal.

Når ein skal gjera ei så krevjande operasjon er det mykje som kan gå gale.

– Vi har førebudd oss og sett på alle mogelege ting som kunne gå gale. Det var litt vind då vi løfta av hetta, då dingla den litt, men det gjekk heilt fint, seier Holmedal.

Godt førebudd

– Når det er så store ting så kan det få fatale konsekvensar, så det er viktig at vi er godt førebudd for å hindra at noko gale kan skje. Det er jo sommar og mange som er ute med båten sin, så vi hadde vaktbåtar som passa på om båtane kom for nære, seier Holmedal.

Lastebøe fra Gullfaks

NESTEN FRAMME: Lika før lastebøya var trygt på land.

Foto: Scanmet AS

– Var det mange som var interesserte?

– Det var mange båtar som køyrde forbi, medan andre stod på land for å sjå. Det er jo ein ganske synleg aktivitet som gjekk føre seg like utanfor Leirvik, seier Holmedal.

På tide å bli erstatta

Til slutt fekk dei sett toppeininga til lastebøya Gullfaks SPM 1 trygt på land. Lastebøya har stått i heile 28 år, men no hadde den gjort sitt og blitt erstatta med ei ny. Likevel er det kanskje nokre som kjem til å sakne lastebøya.

– Erstatninga som har kome er mykje enklare. Så det kan hende at dei som har jobba der ute lenge manglar noko i horisonten, for den nye er nesten usynleg i forhold. Andre er kanskje berre glad for det, seier Holmedal.

No er toppeininga klar for demontering og attvinning. Neste seg i operasjonen er å leggja søyla horisontal i sjøen, før den vert slept i land på Eldøyane.