Hopp til innhold

Gerda (94) måtte innom sju sjukeheimar på under to år

BØNES (NRK): Demenssjuke Gerda Ørstad blei kasteball mellom sjukeheimar i fem ulike bydelar i Bergen. – Slik skal me ikkje ha det, beklagar kommunen.

Gerda Ørstad (94) har vore innom sju sjukeheimar i Bergen dei to siste åra

ENDELEG FAST PLASS: Gerda Ørstad (94) kan endeleg sitta i sin eigen sofa. Dei siste to åra har ho vorte frakta rundt frå sjukeheim til sjukeheim i Bergen kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

94 år gamle Gerda Ørstad har endeleg fått seg ein plass som minner om ein heim på Gullstøltunet sjukeheim i Bergen.

Dei siste to åra har derimot vore alt anna ein heimekoselege. I april 2016 starta det som skulle verta ein runddans mellom ulike omsorgsinstitusjonar i Bergen.

Ein stad mellom dei mange sjukeheimane forsvann mykje av språket. Dottera Marit Ingebjørg Ørstad greier likevel å få fram nokre ord frå den gamle mora.

– Dei har sendt deg mange plassar i dette systemet?

– Ja.

– Det var ikkje kjekt korkje for meg eller deg.

– Nei. Det skulle ikkje vore nødvendig, seier 94-åringen.

Mor og dotter: Marit og Gerda Ørstad

DOTTER OG MOR: Marit Ørstad føler seg sikker på at dei to omstreifande åra har gått ut over helsesituasjonen til mora.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Sju sjukeheimar i fem bydelar

Det var i april for snart to år sidan det heile starta:

  • 13. april 2016 vart Gerda lagt inn på Margit Tanners Minne i Bergenhus bydel. Der var ho i to veker, før ho flytta heim igjen.

  • 24. januar 2017 vart ho lagt inn på Landås menighets eldresenter i Årstad bydel. Der vart ho i tre veker.
  • 1. august starta eit to veker langt opphald på Fyllingsdalen sjukeheim i Fyllingsdalen. Så vart ho sendt heim igjen.
  • 25. august vart ho frakta til Storetveit mottakssenter i Fana bydel. Etter to veker vart ho sendt heim igjen.
  • 28. september fekk ho komma til Frida Fasmers minne i Laksevåg bydel. Her vart det konkludert med at ho hadde behov for fast plass på sjukeheim.
  • Etter ei knapp veke vart ho 3. oktober sendt vidare til Løvåsen sjukeheim i Fyllingsdalen bydel. Her vart ho verande i vel tre månadar.
  • Siste stopp vart Gullstøltunet sjukeheim på Bønes. Her har Gerda vore sidan 17. januar i år.

Mellom opphalda på sjukeheimane har Gerda fått heimesjukepleie og vore innlagt på sjukehus to gongar.

For dottera har det vore ei stor påkjenning å kjempa for at mora skulle få ein fast plass.

– Det har vore veldig tøft. Eg har kjempa, kjefta og slite. Eg tenkjer ofte på kva som skjer med dei som ikkje har nokon som kan slåst for dei, seier Marit Ørstad.

NRK har vore i kontakt med fleire pårørande i Bergen som har liknande historier: Foreldre eller ektefellar som har vorte sendt frå sjukeheim til sjukeheim i Bergen kommune.

Sju sjukeheimar på to år

– Horribelt

– Dette er horribelt og uakseptabelt, seier Torstein Dahle (R) som sit i helsekomiteen i Bergen bystyre.

Raudt-politikaren har sjølv vore i kontakt med dottera til Gerda.

Torstein Dahle

KRITISK: Torstein Dahle (R) meiner historia til Gerda fortel om ei krise i eldreomsorga i Bergen.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

– Ein kan ikkje senda eldre menneske som opplagt har behov for sjukeheimsplass rundt som pakkepost. Dette handlar både om at ein har for få sjukeheimsplassar i Bergen, men òg at forvaltninga ikkje tar nok omsyn til dei eldre, seier Dahle.

Byråden beklagar

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) understrekar at ho berre kjenner Gerda si historie gjennom det NRK fortel. Ho meiner det ho får høyra er uakseptabelt.

– Slik skal vi rett og slett ikkje ha det. Eg vil ta kontakt med forvaltninga og forsikra meg om at dette ikkje skal kunna skje igjen, seier Ljosland.

Korleis kan dette skje?

– Det handlar nok om at me har for få langtidsplassar. Me har sjukeheimar med spesialiserte tilbod, slik at det i nokre tilfelle kan vera best at dei eldre må innom to eller tre sjukeheimar. Men slik som dette skal me rett og slett ikkje ha det.

Rebekka Ljosland

BEKLAGAR: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) seier historia til Gerda ikkje er akseptabel. – Me har som mål at brukarane skal få vera på den sjukeheimen dei ønskjer, seier ho.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Har vore eit problem lenge

Pasient- og brukarombod i Hordaland, Rune Skjælaaen, er ikkje imponert over svara til byråden.

Han har i ei årrekkje vorte kontakta av pårørande som opplever at foreldre eller ektefellar vert sendt mellom sjukeheimane i Bergen.

– Eg reagerer på at helsebyråden lèt til å vera overraska. Dette er ikkje ei unik enkelthistorie. Eldre i Bergen har vorte sendt som pakkepost i fleire år. Ein må kunna forventa at kommunen kan organisera dette på ein måte som gjer at eldre menneske får ei verdig avslutning på livet.

Pasient- og brukarombod Rune Skjælaaen

– HAR VORE EIT PROBLEM LENGE: Pasient- og brukarombod Rune Skjælaaen meiner Bergen over tid har gitt for lite stabile rammer til dei som treng sjukeheimsplass.

Foto: Mats Arnesen / NRK