Hopp til innhold

Fv. 314 og Fv. 313 framleis stengt

Fv. 314 i Bergsdalen i Vaksdal kommune er stengt grunna jordras, melder Vegtrafikksentralen. Dei er i gong med oppryddingsarbeid og håpar å opna vegen i løpet av dagen. Fv. 313 i Teigdalen på Voss kommune er stengt grunna oppryddingsarbeid ved Sevaldstad. Dei skal gjera ny vurdering av vegen klokka 09.00 i morgon.