Hopp til innhold

Fullt kaos i trafikken i Bergen

Først reiv ein lastebil ned Bybanen sin køyreleidning midt i Bergen sentrum, så velta ein trailer ved ein tunnel på E16. No er Bybanen innstilt til i morgon.

Bybanen mellom Byparken og Danmarks plass er innstilt det neste døgnet, etter at ein lastebil reiv ned ein køyreleiding.

INNSTILT: Tre bilfelt vart stengt og bybanen innstilt etter at køyreleidninga til bybanen fall ned like ved bystasjonen.

Like etter klokka 08.00 køyrde ein lastebilsjåfør ved eit uhell i leidningsnettet til Bybanen ved Bystasjonen.

– Det er store trafikale problem både inn mot byen og inne i sentrum. Dette rammar busstrafikken generelt, og folk må rekna med at ting tar mykje lenger tid enn det pleier, seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.

Bybanen mellom Byparken og Danmarks plass er innstilt det neste døgnet, og det vil bli sett inn buss for bane frå Kronstad til sentrum.

– Det er utruleg leit for alle som blir ramma av dette, og som ikkje kjem fram dit dei skal med verken bybane, buss eller bil, seier Dreyer.

Køyreledning
Foto: MAY-HELEN ROLFSNES / NRK

Store ringverknader

– I trafikken i Bergen skal det lite til for at hendingar får kjempestore ringverknader. Etter uhellet i morgontimane korka seg i store delar av sentrum, seier Dreyer.

Mellom Lagunen og Danmarks plass går bybanen som normalt.

Klokka 09.20 melder politiet på Twitter at ein trailer har velta ved rundkøyringa utanfor Arnanipatunnelen på E16.

Traileren sperrar vegen, og Arnanipatunnelen var i ein periode stengt. Den er no opna for manuell dirigering.

Rundt klokka 12 meldar politiet at vegen er open for vanleg trafikk.

Laster Twitter-innhold