NRK Meny
Normal

Full ungdom på alko-fri fest

Politiet måtte rykka ut etter fyll og bråk ved alkoholfritt ungdomsarrangement i Bergen natt til laurdag.

Drikker øl
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Vi var på staden fleire gonger og "roa gemytta", men heldigvis var det ingen som måtte bringast inn.

Det fortel operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Konrad Grindeland.

Omlag 300 ungdommar var samla på den rusfrie "Back to school"-festen i øvregaten i Bergen.

Men mange samla seg heller på fortauet utanfor, der deet kom klager mellom anna på at fulle ungdommar sperra trafikken alt i 20-tida fredag kveld.

Dessutan skal ei jente ha slått ut ei tann, ifølgje Bergens Tidende.

Ungdomsfest endte med arresten

Også på Stord gjekk det hardt for seg blant ungdommen natt til laurdag. Ein 20-åring måtte tilbringa natta i fyllearresten, etter å ha "forulempa" politiet i Sagvåg.

Ifølgje Haugland og Sunnhordland Politidistrikt var den arresterte med på ein såkalla "heime-åleine"-fest som gjekk over stå - og dermed måtte politiet tilkallast for å ordna opp i bråk og slåssing.

Tjueåringen nekta å lyda politiet sine ordrer, og måtte dermed bli med ordensmakta til arresten.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.