Full krangel om ordførerkjedet på Osterøy

Inntil i går var Høgre, KrF og Frp gode vener og hadde ein plan som ville gi KrF ordføraren. No opnar plutseleg Høgre for å gå i koalisjon med Arbeiderpartiet.

Ingemar Tepstad, Jarle Skeidsvoll, Alf Terje Mortensen

GJETT KVEN: Ingemar Tepstad (H, t.v.) ligg truleg best an til å verte ny ordførar på Osterøy. Her med Jarle Skeidsvoll (KrF) og Alf Terje Mortensen (Frp).

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK
Vallogo

Samarbeidspartnarar snur kvarandre ryggen i kampen om makta. Seint torsdag kveld var Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti i samtalar om eit sammarbeid i kommunen. KrF skulle få ordføraren og dei tre borgarlege partia skulle styre saman med eit fleirtal av representantane i kommunestyret.

Hjalti Heimir Gislason

HØGRE-MØTE I KVELD: Leiar i Osterøy Høgre, Hjalti Heimir Gislason, har kalla inn medlemmane til møte kl. 19 i kveld.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN / NRK

– Eg opplevde at vi var samde, men eg forstår det slik at spelet framleis er i gang. Difor vil eg ikkje kommentere saka så mykje, seier Jarle Skeidsvoll frå Kristeleg Folkeparti til NRK.

For no tyder mykje på at han ikkje vert ordførar likevel.

Nye alliansar

Etter møtet mellom dei borgarlege, hadde Arbeiderpartiet eit møte med representantar for Høgre. Etter det NRK forstår, skal Ap her ha tilbudt Høgre å få ordføraren.

Ein koalisjon beståande av Ap, H og MDG vil få fleirtal i kommunestyret.

– Eg kan stadfeste at vi snakka med fleire parti i går, mellom dei Høgre, seier ordførarkandidat for Arbeiderpartiet, Johannes Bysheim.

Han vil ikkje seie noko om kva partia snakka om eller blei einige om.

– Men vi kan vente ei avklaring på kven som vert ordførar fredag ettermiddag, sier Bysheim.

Kommunehuset på Osterøy

HEKTISK MØTEVERKSEMD: Tre parti ville ha ordførerkjedet i kommunestyret på Osterøy. No kan smykket og vervet gå til partiet dei færraste trudde hadde sjans til å få det.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Avgjerande møte fredag kveld

Leiar i Osterøy Høgre, Hjalti Heimir Gislason, bekreftar samtalene overfor NRK, men hevdar partiet ikkje har beslutta kven dei vil samarbeide med.

– Me har to ulike alternativ. Det eine er med KrF, det andre med Ap. Dei to alternativa vil bli lagt fram for medlemmane våre på eit møte kl. 19 i kveld. Så ingenting er avklart per no, seier Gislason fredag føremiddag.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat Osterøy kommunevalget 2015» i nytt vindu

Hard kamp om makta

Osterøy er den siste kommunen i Hordaland der det er uklart kven som skal styre. Dette er mykje fordi dei tre største partia alle har insistert på å få ordførarmakta.

No skal altså både Frp og Ap ha gått vekk frå dette kravet.

Sluttresultatet kan bli at Ingemar Tepstad frå Høgre blir ordførar på Osterøy, trass i at Høgre er under halv storleik av Ap, og at Høgre støtta KrF sin ordførarkandidat heilt til i går kveld.

Dette sa partane då NRK besøkte øykommunen torsdag:

Jarle Skeidsvoll og KrF vil ha ordførerkjedet på Osterøy, men det vil også Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet. Nå kan vervet gå til et fjerde parti.

FORVIRRING: Jarle Skeidsvoll frå KrF låg an til å bli ordførar, men no har Ap, Høgre og MDG planar om ein fleirtalskoalisjon.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.