Hopp til innhold

Fryktar trafikkkaos her i dag

Natt til laurdag stengde Ibsens gate i Bergen for gravearbeid. Vegtrafikksentralen fryktar kaos når bilistane skal på jobb måndag.

Ibsens gate

SOMMARSTENGT: Ibsens gate i Bergen blir stengd i to månadar. Gata vil bli graven opp i full breidde.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

Vatn- og avlaupsleidningane i Ibsens gate nærmar seg 100 år, og Bergen kommune skal i sommar fornya og rehabilitera dei.

Vegen som blir brukt av om lag 13.00 bilar i døgnet har vore stengd sidan midnatt fredag og blir stengt i to månader. Det kan betyr trafikale utfordringar.

– Dette er eit ganske sentralt område for avviklinga av rushtidstrafikken i Bergen, og det er sikkert mange som kjem til å gå på ein smell måndag, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.

– Kritisk kort anleggstid

Bergen kommune er budd på at det i alle fall ikkje første dagen, vil gå smertefritt.

– Eg også fryktar kaos i morgon. Me har skilta veldig godt, og me har prøvd å fått ut informasjon i fleire kanalar. Men erfaringsmessig blir det kaos i starten fordi folk ikkje har fått det heilt med seg, seier prosjektleiar i vatn- og avlaupsetaten Hildegunn Kvåle.

Kommunen får berre lov til å stenga vegen i feriane, fordi det då er mindre trafikk.

Men to månader er i kortaste laget for arbeidarane.

– Det er kritisk kort anleggstid, så det er vanskeleg. Men me må gjera dette no. Leidningsnettet er nesten 100 år gamalt. Viss me ikkje skiftar det ut er det større fare for brot, lekkasje og stengingar på kort varsel, seier Kvåle.

Møllendalsveien

OMKØYRING: Fleire av bussane kjem til å køyra via Møllendalsveien når Ibsens gate er stengd.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

Fleire omkøyringsvegar

– Det er vanskeleg å trekka fram omkøyringsvegar, det kjem an på kor folk skal. Bussen til Haukeland skal køyra Møllendalsbakken. Elles er Hunstadsvingen ei moglegheit, men det er ikkje ønskeleg at alle køyrer der. Den bør brukast av folk som skal til sjukehuset.

Kommunen har ambisjonar om å rehabilitera leidningsnettet heilt ned til Danmarksplass. Men Ibsens veg er den vanskelegaste delen, ifølge Kvåle.

– Her er det ingen stikkvegar som kan nyttast, og det blir difor mest utfordrande trafikalt sett.

Kvåle håpar det er lenge til neste stenging i same området.


– Me bygger med 100-års perspektiv, så me får håpa at det går 100 år til neste gong.