Hopp til innhold

Fryktar svartebørs til Brann-RBK

Folk og fans fryktar for at billettar til Brann-Rosenborg-kampen vert seld på svartebørsen. Då billettane vart lagt ut til sal tysdag, var det ingen grense for kor mange ein kunne kjøpe.

Billettsalet til seriefinalen mellom Brann og Rosenborg starta i dag - og det føregjekk ikkje utan dramatikk og frustrasjon.

Lange køar, eit billettsystem som krasja og frykt for svartebørshandel  er noko av det som vart resultatet etter ein kaotisk dag.

Fleire av dei litt lenger bak i køane vart frustrerte over at det ikkje var sett noko øvre grense på kor mange billettar ein kjøpe.

Mange av dei som ikkje fekk tak i billettar måtte samstundes sjå nokre sikre seg så mange som 30 stk.

Brann-fan Robert Bjarkøy tykte lite om måten billettsalet var arrangert på. 

- Mange gjekk ut med ein svær billettbunke under armen. Eg etterlyser ei form for etikk eller gradering i dette salet, slik at det kan verte ei meir lik fordeling.

- Opnar for svartebørssal

Arrangementsansvarleg i Brann-bataljonen, Frode Hellebø, er også kritisk til måten salet føregjekk på.

- Viss ein sel ti og ti billettar til folk, så opnar det jo for eit svartebørssal, og det tykkjer vi ikkje er bra.

Presseansvarleg i Brann, Hans Lokøy, trur ikkje svartebørsmarknaden er så stor – fordi dei som no har skaffa seg billett til Brann-Rosenborg-oppgjeret, vil bruke billetten til ein så spesiell kamp.

- Tanken er at vi skal vere tilgjengelege for folk, at det skal vere mogeleg for folk å skaffe billettar til vener og familie. Når det er sagt, ligg risikoen for svartebørs der, og det kan vi ikkje gardere oss heilt mot.