NRK Meny
Normal

Frykta for VM då rullestolen vart «stolen»

Bordtennisspelar Tommy Urhaug frykta VM var gått i grus då den spesialtilpassa rullestolen hans forsvann på Gardermoen.

Tommy Urhaug

MISTA STOLEN: Utan spesialrullestolen hadde VM vore så godt som øydelagd, fortel Tommy Urhaug, som måndag reiser til Kina for å delta i VM i bordtennis for funksjonshemma.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Måndag reiser Urhaug til Kina for å delta i VM i bordtennis for funksjonshemma. Då han reiste til Oslo torsdag føremiddag vart gleda erstatta med panikk.

For då han skulle hente spesialrullestolen sin i bagasjehallen var stolen vekke.

– Fekk litt panikk

Urhaug fortel til NRK at VM hadde gått i vasken om ikkje han hadde fått stolen tilbake.

Den hadde vore umogleg å erstatte på så kort sikt

Tommy Urhaug

– Eg fekk litt panikk då eg skjønte at den var vekke. Det er jo den eg brukar når eg spelar, og den er nøye tilpassa både i høve til meg og i høve til bordet. Den hadde vore umogleg å erstatte på så kort sikt, seier han.

Bordtennisspelaren såg sjølv at rullestolen vart teken ut av flyet, og han bad om å få den då. Han fortel at han fekk beskjed om at han skulle få den i bagasjehallen, men då han kom dit var det ingen stol å hente.

Rullestolen til Tommy Urhaug

AVGJERANDE: Rullestolen til Tommy Urhaug er nøye tilpassa i høve til hans eigne mål og til bordtennisbordet.

Foto: Privat

– Det viste seg etter kvart at stolen var gjeven vekk til ein annan. Etter to og ein halv time vart det nokon som tilfeldigvis oppdaga at ein mann var på veg inn i ein taxi med rullestolen min. Eitt minutt seinare, og stolen hadde vore heilt vekke, fortel Urhaug.

Kritisk til bagasjehandteringa

Han er letta over å ha fått stolen tilbake, men skuffa over at det ikkje er betre rutinar på ivaretaking av så viktig bagasje.

– Eg skjønar ikkje korleis dette kan skje. Det er faktisk beina mine det er snakk om. Det er litt skummelt at slikt skjer, spesielt når det gjeld noko ein er så avhengig av, seier han.

Ifølgje informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen skal det heile vere snakk om ei misforståing.

– Vi konkluderte med at dette snarare har vore ei feiltaking, enn eit tjuveri. Frå vår side er saka utruleg kjedeleg. Det skjer frå tid til anna at feiltakingar skjer, men som regel løyser saka seg. Når det er snakk om ein rullestol er det nok endå meir alvorleg, men til alt hell vart saka oppklart, seier Johansen.

Han vedgår at det hadde vore SAS sitt erstatningsansvar om stolen ikkje kom til rette, men viser til Aviator, som har ansvar for assistansetenesta på Gardermoen.

– Det er dei som har ansvar for spesialbagasje som rullestolar, seier han.

Rullestolen stod utan tilsyn

Knut Morten Johansen

BEKLAGAR: Informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Men Aviator har berre ansvar passasjerane som treng spesialhjelp, som funksjonshemma og barn som reiser åleine. Det seier fungerande avdelingsleiar på PRM (personar med redusert mobilitet) i Aviator, Lina Østnor.

Likevel var ho involvert i saka. Ho fortel at rullestolen kom til bagasjehallen før nokon av dei var kome dit, og at det per i dag ikkje er nokre rutinar på at dei skal passe på spesialbagasjen fram til passasjerane har henta den.

– Truleg har nokon kome og henta den der. Eg vart ringt av ein kundebehandlar då dette skjedde, og eg var den som fann rullestolen utan ved taxihaldeplassen. Det hadde vore ei stygg sak dersom stolen ikkje hadde kome til rette. fortel Østnor.

Om «tjuven» faktisk var ein tjuv tvilar ho på.

– Etter det SAS Ankomst service sa til min kollega, hadde ho sett ein eldre mann i rullestol. Meir enn det veit vi dessverre ikkje ettersom personen antakeleg har teke taxi frå flyplassen. Personen har kanskje trudd at det var ein av flyplassen sine rullestolar for utlån. Hadde det vore tjuveri ville eg nok ikkje funne den, seier ho.

Får ikkje frakte rullestolen til gaten

Østnor fortel at det er nye rutinar på flyplassen som er årsaka til hendinga. Tidlegare vart rullestolane levert til passasjerane ved gaten, men grunna tryggleik får dei ikkje lenger lov til dette dersom ikkje rullestolen er merka med bagasjelapp.

– Om den skal fraktast til gaten må vi tilkalle tryggleiksselskapet for at dei skal sjekke den.

Vi vil jo gjerne at dei skal få rullestolane med gaten, for vi veit kor avhengige dei er av dei

Lina Østnor, Aviator

Dermed er det, ifølgje Østnor, slik at spesialbagasje, som kan inkludere alt frå ski og rullestolar til levande dyr, blir frakta rett til bagasjehallen, utan garanti for at nokon passar på det til eigarane kjem.

– Når det gjeld levande dyr, ventar kanskje dei som køyrer bagasjen inn, til eigarane kjem. Men det er dessverre slik det er no. Det er veldig synd for dei reisande. Vi vil jo gjerne at dei skal få rullestolane med gaten, for vi veit kor avhengige dei er av dei, seier ho.

Urhaug klar for VM – med stol

– Vi har vore i kontakt med Oslo Lufthamn om saka, og dei skal sjå på den, seier Østnor.

For Urhaug var det berre flaks at han fekk rullestolen tilbake. No er han i full gang med trening i Oslo, før han reiser vidare til Kina og VM på måndag.

– No er alt i skjønnaste orden, seier han.

Tommy Urhaug håper på VM-gull i bordtennis i Kina.

DRAUMEFINALEN: Tommy Urhaug drøymer om finale mot Ningning Cao, som han vann over i London i 2012, i VM i Beijing. Sjå intervjuet i Vestlandsrevyen her.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.